Ringerikserter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ringerikserter er ei grønert som sidan 1800-talet har vore dyrka på RøyseRingerike.

Dyrking av ringerikserter er kjend frå starten av 1800-talet, dyrkinga på garden Røyse er skriftleg dokumentert sidan 1823. På den tida vart ho helst kalla «gråert». På byrjinga av 1900-talet fekk erta namnet «ringeriksert». ( evt. gjekk dei frå 1900 over til å odle grønert i staden gråert - jfr. https://sv.m.wikipedia.org/wiki/Gråärt )

Sidan ringerikserter ikkje har gjennomgått moderne foredling, og er ho lita og varierande i størleik. Ho er òg utsett for sjukdom under dyrkinga. Av den grunn vart det etter 1920 gradvis slutt på dyrkinga av ringerikserter. På 1950-talet vart det funne ein pose gamle ringerikserter på loftet på garden Nedre Fjeldstad på Røyse. Sidan då har det vore kontinuerleg dyrking av ringerikserter på Røyse.

«Ringerikserter» er beskytta produktnamn for slike erter dyrka på Røysehalvøya ved Tyrifjorden i Hole kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]