Ringerikspotet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ringerikspotet er ein liten, rund potettype med sterkt raudfarga skal og gult indre. Ho kan vera noko knudrete i fasongen og har gjerne små knollar. Ho er ei velsmakande, mjølen potet som gjerne blir kokt med skalet på og så skrelt for hand. Det er vanleg å servera henne til festmåltid, saman med spesialitetar som til dømes pinnekjøt og lutefisk. Poteta har eit høgt innhald av tørrstoff og har god lagringsevne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein tok til å dyrka poteta på Ringerike på midten av attenhundretalet. Kvar ho kom frå, er usikkert. Ein teori er at ein sjømann tok henne med frå Storbritannia eller frå Nederland. Poteta skal så ha blitt teken frå Botanisk hage i Oslo til garden Søndre By i Hole. Her blei potetene etter kvar kjend som aabler, etter Jens Aabel som åtte garden frå 1867.

Etter kvart tok fleire gardbrukarar i området til å dyrka poteta og selja henne på marknaden i Kristiania. Ettersom dei kom frå Ringerike, blei potettypen deira heitande ringerikspotet.

I 2003 søkte bønder frå Ringerike om eit vernande opphavsmerke for ringerikspoteta og i juni 2007 fekk poteta slikt vern. Ordninga vert administrert av Matmerk og ringerikspoteta har fått såkalla «beskyttet geografisk betegnelse» og kan berre dyrkast i kommunane Hole og Ringerike. Ringerikspoteta er det trettande produktet som får eit slikt vern.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Ringerikspoteta er ein krevjande knoll som helst veks i varm og middels lett jord. Den kalkrike silurjorda i Hole, Norderhov og Haug passar henne utmerka.

Poteta gjev små avlingar og har dårleg motstandsevne mot potetvirus og tørråte. Ho har ei ujamn, kantete form som gjer at ho lett kan bli skada av maskinsortering. Det er difor best å sortere poteten på eit mindre gardsanlegg. Den gode smaken gjer det likevel verdt å dyrka poteta. Dei fleste ringerikspotetene vert i dag sortert og pakka på Ask på Ringerike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]