Ringisfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ringisfugl
Ringisfuglhann
Ringisfuglhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Ringisfugl
Utbreiinga av Ringisfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Slekt: Megaceryle
Art: Ringisfugl M. torquata
Vitskapleg namn
Megaceryle torquata

Ringisfugl (Megaceryle torquata) er ein stor medlem av isfuglfamilien som har eit vidt utbreiingsområde i Mellom- og Sør-Amerika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne store isfuglen er 38 centimeter i kroppslengd og veg ca. 300 gram. Det kraftige nebbet er 76 mm langt. Hannar av ringisfuglar har gråblått hovud med sterkt markert fjørtopp, blågrå overside og mørk raudbrun underside. Ein kvit strupe og kvit ring er nesten komplett mot nakken. Hofuglar har eit breitt gråblått band over brystet med eit smalare kvitt band under.[1]

Ringisfuglar lever langs kystane av i Mellom-Amerika, på vestsida så langt nord som litt inn i sørvestlegaste Texas, men ikkje på Yucatánhalvøya. Utbreiingsområdet dekker det meste av Panama og Sør-Amerika, men ikkje Andes over 1500 moh., og ikkje området vest for Andes i Peru. I Chile finst han berre lengst sør, omtrent sør for byen Concepción.[2]

Habitatet kan vere alle område som tilbyr vatn med fisk aller andre vassdyr, samt vertikale jordskrentar der dei kan grave ut tunellar til reirplass. Dei føretrekk ferskvatn i innlandet framføre marine område. Fisk utgjer nesten all føda, dei kan ta krabbar og krepsdyr. Fisken blir kasta opp i lufta slik at han går ned i svelget med hovudet først.[2]

Storleiken på populasjonen er estimert til ca. 20 millionar kjønnsmodne individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 Brush, T. (2020). Ringed Kingfisher (Megaceryle torquata), version 1.0. In Birds of the World (red: A. F. Poole). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rinkin1.01
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Megaceryle torquata. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Ringisfugl