Ringo Starr & His All-Starr Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringo Starr & His All-Starr Band

Aktiv1989–
Sjangerrock
PlateselskapEMI

Ringo Starr & His All-Starr Band er ei supergruppe som framfører konsertar og frå tid til anna har gjeve ut konsertalbum. Ho er leia av Ringo Starr, som er den einaste faste medlemmen frå starten i 1989 og i dei 12 (per 2017) forskjellige samansetjingane av gruppa.[1]

Den fyrste utgåva av All-Starr Band bestod av Rick Danko og Levon Helm frå The Band, Nils Lofgren og Clarence Clemons frå The E Street Band, Dr. John, Billy Preston, Joe Walsh og Jim Keltner.[2] Songane som blir framførte er typisk ei blanding frå Starr sin solokarriere, songane hans frå The Beatles og hittane til dei enkelte medlemmene.[3] Gruppa har ikkje gitt ut ny musikk på album.

Utvalet har variert sidan, men det er eit minimumskrav at ein har gitt ut tre hitsongar, og at ein kan spela songane til dei andre i gruppa.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ringo Starr Announces New Tour Dates With His All-Starr Band - Ultimate Classic Rock, 25. januar 2016, henta 12. februar 2017
  2. Nr. 849, side 354, «Kunnskapsforlagets Rockleksikon», 2. opplag, Oslo, 1992
  3. Live Review: Ringo Starr and His All-Starr Band at LA’s Greek Theatre (7/2) - Consequence of Sound, 3. juli 2016, henta 12. februar 2017
  4. Ringo Starr & His All-Starr Band to Tour in 2016 - Billboard.com, 12. september 2015