Ringsaker kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°54′10″N 10°43′29″E

Ringsaker kyrkje
kyrkje
Ringsaker kirke.jpg
Stad Ringsaker, Hedmark
Lengd Full lengde 40 3 m  skip 21 3 m  breidde med tverrskip 38 5 m m
Periode Romansk
Arkitekt Ukjent
Teknikk Mur, tønnekvelv i skip, krysskvelv i kor
Material Kalkstein
Tårn Over austre del av skipet
Portal Vestportalen har søyler og terningkapitel
Kor Med sakristi 14,5x15,9m
Skip Midtskip, sideskip, tverrskip
Preikestol 1704, Barokk, Lars Jensen Borg
Døypefont 1704, barokk, Lars Jensen Borg
Altar Altarskåp 1520-åra, Antwerpen Belgia. På utsida martyriar, på innsida Kristi liding, død og himmelfart , helgenar med attributtar.
Wikimedia Commons: Ringsaker kirke

Ringsaker kyrkje er ei steinkyrkje med både krossform og basilikaform[1] i Ringsaker kommune i Hedmark fylke. Kyrkja stod ferdig kring midten av 1100-åra og er vigd til Heilag Olav. Tverrskipa vart lagt til og koret utvida i gotikk på 1200-talet, tårnspiret (64 m) vart reist i 1694. Stilistisk er kyrkja i slekt med Gamle Aker kyrkje, Nikolaikyrkja på Gran og den gamle domkyrkja på Hamar. Stilidealet var Hallvardskatedralen som låg nordaust for torget i Gamlebyen i Oslo.

Ronald Fangen er gravlagd ved Ringsaker kyrkje.

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Byggverket er i kalkstein og har 400 godkjende plassar (Kyrkjebyggdatabasen oppgjev 300 plassar[2]). Kyrkja er prostesete i Ringsaker prosti og soknekyrkje for Ringsaker.

Tårnspiret når 64 meter over bakken og er bygd av Iver Helmen frå Gran i 1694. Det var ei viktig pilegrimskyrkje fram til reformasjonen då pilegrimsvandringane tok slutt. I nyare tid er den ofte vitja av vår tids pilegrimsvandrarar og andre turistar. Den er kjent for god akustikk og det er mange konsertar med klassisk kyrkjemusikk - kyrkja blir også brukt til innspelingar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget
  2. Ringsaker kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese 7. april 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]