Ringve botaniske hage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ringve botaniske hage
Foto: Orcaborealis

Ringve botaniske hage er ein botanisk hage etablert i 1973. Hagen ligg ved Ringve Museum og ligg rundt gardshusa på Ringve. Anlegget består i dag av vel 130 dekar, og ligg på Ladehalvøya i Trondheim.

Hagen vart oppretta som universitetshage i 1973 og vert driven av NTNU Vitenskapsmuseet. Plantinga til eit eige arboret vart starta i 1975.

Hagen har følgande delar:

  • Arboretet
  • Gamlehagen med ei samling tradisjonelle hageplantar frå Midt-Noreg
  • Parken - den gamle gardshagen på Ringve
  • Primulahagen
  • Renesansehagen - urtehage
  • Den systematiske hagen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arne Røsvik: Ringve botaniske hage i Planter i Trondheim gjennom tusen år. Red. Eli Fremstad, Tapir 1999, ISBN 82-519-1550-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ringve botaniske hage