Rinjani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rinjani
vulkan
Gunung Rinjani dari Jalur Sembalun.jpg
Land Flag of Indonesia.svg Indonesia
Map
Rinjani
8°25′0″ S 116°28′0″ E
Wikimedia Commons: Mount Rinjani
Utbrot i Rinjani i 1994

Gunung Rinjani er ein 3 726 meter høg stratovulkan på øya Lombok i Indonesia. Han er den nest høgste vulkanen etter Kerinci, og også det nest høgste fjellet i landet.

Rinjani er ein av vulkanane som høyrer til vulkanbogen Sunda-bogen. Vulkanbogen oppstod gjennom subduksjon av den oseaniske jordskorpa, som høyrer til den australske tektoniske plata. Vulkanane i Sunda-bogen er for størstedelen høgeksplosive. Rinjani ligg ikkje særleg langt frå Tambora, som hadde eit svært kraftig utbrot i 1815.

Gunung Rinjani nasjonalpark vart oppretta i 1997, fjellet er såleis verna. I den 6 x 8,5 km vide kalderaen ligg den 230 meter djupe kratersjøen Segara Anak. Meir enn 20 landsbyar ligg om kring det som innbyggarane ærar for å vere eit heilag fjell.

Dei siste større vulkanutbrota fann stad i mai 2009 og i mai 2010.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. vulkane.net/blogmobil Rinjani Aufruf am 4. Juni 2010 19:04 CEST

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Rinjani