Riohacha

Koordinatar: 11°32′39″N 75°54′25″W / 11.54417°N 75.90694°W / 11.54417; -75.90694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riohacha
Byvåpenet til Riohacha
Styresmakter
Land Colombia
Grunnlagd 1535
Borgarmeister Rafael Ceballos Sierra
Geografi
Flatevidd 5 020 km²
Flatevidd
 - By
 - Urbant

3120 km²
137 000 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)

150 549
Koordinatar 11°32′39″N 75°54′25″W / 11.54417°N 75.90694°W / 11.54417; -75.90694
Høgd over havet 5 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Postnummer 440001
Telefon-retningsnummer 57 + 5
Heimeside: http://www.alcaldiaderiohacha.gov.co
Nettstad: www.riohacha-laguajira.gov.co
Plassering

Riohacha (spansk uttale: [rjoa.tʃa], wayuu: Süchiimma, «Süchii» betyr elv og «mma» betyr land, elveland) er ein by i Riohacha kommune i den nordlege karibiske regionen av Colombia ved utlaupet av Ranchería-elva i Karibhavet, og hovudstaden i La Guajira-departementet. Stifta av conquistador Nikolaus Federmann i 1535, vart Riohacha kalla opp etter ei lokal legende. På grunn av den kraftige regnskuggen av Sierra Nevada de Santa Marta, er området mykje tørr og ørkenaktig, busett av opphavlege amerikanske urfolk, hovudsakleg av medlemmer av den wayuu-etniske gruppa. I kolonitida var Riohacha ein viktig hamneby på grunn av oppdaginga av perleførekomstar. I andre halvdelen av 1900-talet vart byen ein av Colombias mellomstore, maritime kommersielle hamner, og dessutan eit fleirkulturelt senter for La Guajira-departementet. Byen er nemnd fleire gonger i Hundre års ensomhet, og i Beretningen om et varslet mord, romanar skrivne av Gabriel García Márquez.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Riohacha-området vart busett av folk frå wayuu-kulturen, ein del av den større arawak-gruppa. I 1535 grunnla den tyske etterforskeren Nikolaus Federmann ein by med namnet Nuestra Señora Santa Maria de los Remedios del Cabo de la Vela lengst nord på Guajira-halvøya.

Spanjolar oppdaga ei stor mengde perler i byområdet, noko som gjorde den opphavlege byen til eit konstant mål for piratar. Etter at byen vart øydelagt av eit piratangrep, flytta bystyret byen til utlaupet av Ranchería-elva. Det neste store angrepet, leidd av den berømte engelske piraten Francis Drake, fann stad i 1569, då Drake plyndra byen på jakt etter gull og perlar.

I løpet perioden for sjølvstendekampen mot Spania tente hamna i Riohacha mange fartøy som kjempa mot spanjolane for colombiansk og venezuelansk sjølvstende. Ein av dei som kjempa mot spanjolane var admiral José Prudencio Padilla, som skulle komme til å bli vurdert som ein helt i revolusjonane i Colombia og Venezuela.

I 1954 fekk Riohacha kommunestatus, og i 1964 vart han deklarert hovudstad i det nye La Guajira-departementet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Riohacha