Riple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riple
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5226 NESTTUN
Gardnummer 59
Kart
Riple
60°19′01″N 5°26′45″E / 60.31694412°N 5.44583321°E / 60.31694412; 5.44583321
Wikimedia Commons: Riple, Bergen

Riple er ein gard i Fana i Bergen kommune. Garden ligg aust for Totlandsgardane ved enden av Totlandsvegen

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem truleg av det norrøne ripill som tyder «strimmel» eller «band» etter plasseringa på ei langstrekt høgd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden låg i mellomalderen til Munkeliv kloster og vart etter reformasjonen krongods. I 1661 vart garden kjøpt av generaltollforvaltar Herman Garmann. I 1690 tok bøndene på garden sjølv over eigarskapen.

Her er framleis gardsdrift.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Garden er langstrekt og strekkjer seg frå Ystafjellet (329 moh) i sør og nordover til toppen av Ulvursfjellet (677 moh). I vest ligg Totlandsfjellet (546 moh)

Garden grensar til Øvre og Nedre Totland i vest, Hedno i sørvest, Gimmeland i sør, Frotveit i aust og Bontveit i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]