Hopp til innhald

Ripon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ripon
by
Land  England
Region North Yorkshire
Distrikt Harrogate
Folketal 16 274 (2020)[1]
Postnummer HG4
Retningsnummer 0 1765
Kart
Ripon
54°08′17″N 1°31′25″W / 54.138055555556°N 1.5236111111111°W / 54.138055555556; -1.5236111111111
Wikimedia Commons: Ripon

Ripon er ein by i grevskapet North Yorkshire i England. Han har kring 16 000 innbyggjarar og er ein katedralby og marknadsby som ligg der elvane Ure, Laver og Skell renn i hop. Byen er kjend for Riponkatedralen og Ripon Racecourse. Sjølve byen er litt over 1300 år gammal og er ein av berre to byar med status som city i North Yorkshire. Den andre er York.

Byen vart opphavleg kalla Inhrypum og vart grunnlagd av den heilage Wilfrid i tida til anglar-kongedømet Northumbria. Etter ein periode under vikingane gjekk byen til Cerdic-dynastiet som samla England og så under normannarane som øydela mykje av byen. Etter ein kort periode med utbyggingar under Plantagenet-familien, vart byen ein viktig stad for ull- og tekstilproduksjon. Ripon vart kjend for produksjon av sporar på 1500- og 1600-talet, men endra seg ikkje stort før den industrielle revolusjonen.

Fountains Abbey ved Ripon.

Historisk var byen ein del av West Riding of Yorkshire. Ripon er den fjerde minste byen med status som city i England. Han ligg 18 km sørvest for Thirsk, 26 km sør for Northallerton og 19 km nord for Harrogate. I tillegg til katedralen og bilbanen trekkjer Ripon turistar fordi han ligg nær verdsarvstaden Studley Royal Park og Fountains Abbey.

  1. ↑ https://web.archive.org/web/20220411200204/https://www.citypopulation.de/en/uk/yorkshireandthehumber/admin/harrogate/E04007409__ripon/. Arkivert frå originalen 11. april 2022. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ripon