Risøya i Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Risøya
Geografi
Norway - Risøya, Tromsø.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°58′19″N 18°31′03″EKoordinatar: 69°58′19″N 18°31′03″E

Areal 1,15 km²

Høgaste punkt Varden (105 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Risøya er ei øy i Tromsø kommune, om lag 50 kilometer nordvest for sjølve Tromsø. Risøya er omegjeve av over 150 holmar og meir enn 200 skjer. Øya er på 1154 dekar med Varden som høyeste punkt på 104,5 meter.

Hovudhuset på Risøya vart bygd i 1856, men mest truleg har øya vore busett langt bakover i tida. Den nest største øya i øygruppa som Risøya høyrer med til, Sandvær, er nemnd i Snorre sine kongesagaer. Frå 1850 og utover var det stor aktivitet på Risøya med sanking av egg, dun og fiske. På det meste hadde væreigaren over 200 fiskarar sysselsett i sesongen, innlosjert i rorbuer.

Som egg- og dunvær var Risøya det nest største i landet etter Vardøhus Festning. Jacobsenfamilien var òg sterkt engasjert i ishavsfangsten, og eigde ishavsskutene «Ægir» og «Hanseat».

Som resten av desse ein gong så sentralt plasserte stadane ute ved kysten gjekk tida frå dei. På Risøya heldt den siste væreigaren, Jacob Carl Jacobsen, ut fram til 2001 saman med Elise Jensen. Då vart helsa for ustabil og dei såg seg nøydd til å flytte inn til Tromsø.

I 1995 vart Store Risøya Landskapsvernområde oppretta. Dette omfattar sjølve Risøya samt Steggholmen. Samstundes vart Risøya Naturreservat oppretta. Risøya Naturreservat dekker alle holmar og skjer rundt sjølve Risøya, til saman 14 132 dekar.

Formålet med naturreservatet og landskapsveret er å sikre best mogeleg levevilkår for sjøfugl og anna dyreliv i eit område med naturleg og kulturbetinga vegetasjon samt å bevare ein kysthandelsstad med tilhøyande bygg, kulturlandskap og dyre- og planteliv.

I Naturresevatet er det i perioden f.o.m. 1. april t.o.m. 31. juli forbod mot ilandstigning og ferdsel på øyane, for å verne fuglane i hekketida og i månadene ungane er i reiret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bok[endre | endre wikiteksten]