Risøyrenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Risøysundet med Korsholmen der arbeidsbrakka låg.
Foto: NRKbeta

Risøyrenna er ei utgraven renne i ein del av Risøysundet som blei opna i 1922. Risøyrenna gjer det mogleg for større fartøy å passere mellom Andøya og Hinnøya. Eit arbeid med å gjere renna betre starta i september 1997 og Risøyrenna blei offisielt opna igjen i september 2001.

Renna er ein smal, kunstig passasje gjennom sandbankane nord om Risøyhamn som er 4,8 km lang, 6 meter djup og med ei botnbreidd på 100 meter og med to kursendringar. Før utvidinga var djupna 6 meter medan breidda på botnen var 50 meter.

Sør om Risøyrenna går Andøybrua som er ei spennbetongbru med eit hovudspenn på 110 meter og ei total lengd på 750 meter.