Rise Like a Phoenix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rise Like a Phoenix»
Eurovision Song Contest 2014
Land Austerrike
Artist(ar) Thomas Neuwirth
Alias Conchita Wurst
Språk Engelsk
Komponist(ar) Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas
Låtskrivar(ar) Charley Mason, Joey Patulka, Ali Zuckowski og Julian Maas
Resultat
Semifinalepoeng 169
Semifinaleplass 1
Finalepoeng 290
Finaleplass 1
Austerrike i Eurovision Song Contest
«Shine»
(2013)
«Rise Like a Phoenix»

«Rise Like a Phoenix» er ein singel av Conchita Wurst, gjeven ut 18. mars 2014.

«Rise Like a Phoenix» vart vald ut av Österreichischer Rundfunk til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen vart framført på engelsk av Thomas Neuwirth under aliaset Conchita Wurst. Austerrike delok i den andre semifinalen der landet vann med 169 poeng; tolv frå Finland, Irland, Sveits, Hellas, Romania, Italia og Storbritannia, ti frå Malta, Israel, Gerogia, Polen, Litauen og Slovenia, åtte frå Noreg, sju frå Kviterussland, seks frå Makedonia og fire frå Tyskland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 155 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 138 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei vann med 290 poeng; tolv frå Sverige, Italia, Slovenia, Finland, Spania, Sveits, Nederland, Storbritannia, Belgia, Portugal, Israel og Irland, ti frå Island, Noreg, Frankrike, Ungarn, Malta, Gerogia og Litauen, åtte frå Ukraina, Romania og Danmark, sju frå Tyskland og Moldova, seks frå Latvia, fem frå Russland og Albania, fire frå Estland, tre frå Makedonia, to frå Montenegro og eitt frå Aserbajdsjan. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 311 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 224 poeng. Dette var den andre gongen Austerrike vann Eurovision Song Contest, førre gong var i 1966.

EUROSONG 2015 - NERIT & MAD show (60 khrónia musikí)[endre | endre wikiteksten]

Under EUROSONG 2015 - NERIT & MAD show (60 khrónia musikí), den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, vart «Rise Like a Phoenix» framført av Élena Paparízou.[1]

Eurovision Song Contest 2015[endre | endre wikiteksten]

Wurst opna den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2015 i Wien med å framføre «Rise Like a Phoenix» saman med Radio-Symphonieorchester Wien.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Mal:Austerrikske songar i Eurovision Song Contest