Rise Up av Freaky Fortune feat. Riskykidd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Rise Up»
Eurovision Song Contest 2014
Land Hellas
Artist(ar) Nikólas Raptákis, Theófilos Pouzboúris og RiskyKidd
Alias Freaky Fortune feat. RiskyKidd
Språk Engelsk
Komponist(ar) Freaky Fortune
Låtskrivar(ar) Freaky Fortune og RiskyKidd
Resultat
Semifinalepoeng 74
Semifinaleplass 7
Finalepoeng 35
Finaleplass 20
Hellas i Eurovision Song Contest
«Alcohol Is Free»
(2013)
«Rise Up»

«Rise Up» er ein song av Freaky Fortune feat. RiskyKidd som vart gjeven ut 5. mars 2014 av Panik Records. Songen er skriven av Freaky Fortune og RiskyKidd.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

«Rise Up» var eit av bidraga i EUROSONG 2014 - a MAD show, den greske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen vart framført på engelsk av Nikólas Raptákis, Theófilos Pouzboúris og Riskykidd under aliaset Freaky Fortune feat. RiskyKidd, og vann tevlinga med 36,83 prosent av røystene.

Songen vann EUROSONG 2014 - a MAD show og representere Hellas i Eurovision Song Contest 2014. Bidraget vart framført på engelsk av Freaky Fortune feat. RiskyKidd i den andre semifinalen, og enda på sjuandeplass med 74 poeng; tolv frå Kviterussland, åtte frå Malta, sju frå Romania, seks frå Israel, Noreg, Tyskland og Italia, fire frå Finland, Irland og Sveits, tre frå Georgia, Austerrike og Slovenia og eitt frå Polen og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på femteplass med 91 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på niandeplass med 52 poeng.[1] Landet kvalifiserte seg til finalen der bidraget enda på 20. plass med 35 poeng; sju frå Armenia, seks frå Kviterussland, fire frå Aserbajdsjan, Russland og Georgia, tre frå Italia og to frå Albania, Storbritannia og Israel. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 14. plass med 43 poeng, og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 19. plass med 49 poeng.[1] Poenga frå telefonrøystinga inkluderer poenga frå den albanske og sanmarinske juryen, medan poenga frå juryrøystinga inkluderer poenga frå dei georgiske telefonrøystene. Dette er saman med bidraget frå 1998, den dårlegaste plasseringa til eit gresk bidrag i Eurovision Song Contest.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2014) Plassering
Flagget til Hellas Billboard[2] 4
Flagget til Sverige Digilistan[3] 32
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 67
Irland (IRMA)[5] 73
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[6] 93
Det britiske flagget Official Chart Company[7] 110

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Eurovision 2014: All Semifinal Results» (på engelsk). The Eurovision Times. 16. mai 2014. Henta 28. februar 2015. 
  2. «Greece Digital Songs: Mar 29, 2014». Billboard. 
  3. «DigilListan 2014-03-09». Sveriges Radio. 
  4. "Freaky Fortune + RiskyKidd – Rise Up – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  5. "Chart Track". Den irske singellista. Irish Recorded Music Association.
  6. "Ultratop.be – Freaky Fortune + RiskyKidd – Rise Up" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  7. [1]