Risemaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Risemaurvarslar

Status i verda: LC Livskraftig

Risemaurvarslar, Batara cinerea Foto: Hector Bottai
Risemaurvarslar, Batara cinerea
Foto: Hector Bottai
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Batara
Art: E. cinerea
Vitskapleg namn
Batara cinerea

Risemaurvarslar, Batara cinerea, er ein fugleart i maurfuglfamilien, Thamnophilidae, i plassert den monotypiske slekta Batara. Han finst i Argentina, Bolivia, Brasil og Paraguay. Denne arten er den største arten av alle maurfuglar, rundt 34 centimeter. Det naturlege habitatet for denne arten er subtropisk eller tropisk fuktige låglandsskog, subtropisk eller tropisk fuktig skog i høgland, og område med degradert skog.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er ca 34 cm i storleik[1] og veg inntil 140 gram.[2] Hofuglar er litt lettare. Nebbet er kraftig bøygd i enden som ein krok. På tuppen av oversida finst eit hakk eller ei «tann». Halen er relativt lang. Oversida av venger, rygg og hale er hos hofuglen mørk brun med lysebrune sperrestriper, hos hannen nær svart med kvite striper. Kroppen er gråbrun til askegrå. Hannen har hette av svarte fjører, mens hofuglar har hasselnøttbrunt med svart tupp i fjørene på hovudet.

Risemaurvarslar lever i det nordlege Argentina, Bolivia, søraustlege Brasil og Paraguay. I søraustlege Brasil, finn vi fuglen i område i regnskogen med bambus. I retning av Andesfjellene kan han leve i ei høgd på 2600 moh. I Gran Chaco er han funnen i tett undervegetasjon.

Risemaurvarslar lever av insekt, sniglar og små virveldyr, som han plukkar opp frå bakken med korte flygingar. Dietten inneheld òg egg og ungar frå andre fugleartar.[3] Songen består for det meste åtte snøgge fløytetonar med ein opptakt.

  • Batara c. argentina (Shipton, 1918)
    Denne underarten finst i Paraguay, hovudsakleg i departementa Boquerón og Presidente Hayes, og dessutan i nordvestlege Argentina i provinsane Jujuy, Salta og nord i Tucumán-provinsen. Fjørdrakta i underarten argentina er litt bleikare enn nominatforma.[4]
  • Batara c. excubitor (Bond & Meyer dei Schauensee, 1940)
    Denne underarten finst i Bolivia, i vestleg del av Santa Cruz-departementet. Fjørdrakta har litt blassare farger hos underarten excubitor enn argentina.[4]

Delen med det særeigne artsnamnet, cinerea, er den feminine forma av det latinske ordet cinereus, som tyder oske. Denne fargenemninga finst til dømes i namnet på vintererle (Motacilla cinerea), gråhegre (Ardea cinerea) og tereksnipe (Xenus cinereus). I utbreiingsområdet er det spanske namnet hans 'Batara Gigante', og det portugisiske namnet 'Matracão'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eintrag auf avesdobrasil.com (portugisisk)
  2. Laura R. Prugh, Karen E. Hodges, Anthony R. E. Sinclair, Justin S. Brashares: Effect of habitat area and isolation on fragmented animal populations. PNAS 2008 105, S. 12 des Anhangs, 10. Dezember 2008 (engelsk)
  3. Joseph Forshaw (Herausgeber): Enzyklopädie der Vögel. Weltbild Verlag, Augsburg 1999. ISBN 3-8289-1557-4. S. 162
  4. 4,0 4,1 Internet Bird Collection: Artsskildring på nettsida for arten