Risenes fort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den fyrste fortifiserte kommandoplassen
Foto: John Erling Blad

Risenes fort var ei tysk fortifisert stilling på Risenes vest for Sygnefest i Gulen kommune. Oppdraget til fortet var å nedkjempe sjømål på Sognesjøen, sperre innløpet til Sognefjorden, verne skipsleia over Sognesjøen og gjennom Krakhellarsundet, og sikre eigne skip og konvoiar i området. Det tyske militære namnet på stillinga var HKB 16./981 Risenaes, taktisk underlagt Artillerie-Gruppe Sognefjord og administrativt II./HKAR 981. Staden var utstyrt med klargjorde kanonstillingar, kommandobunkerar (leitstand), forlegningsområde i fjellanlegget med utsprengde tunnelar for alternative rømmingsvegar. Det er også sprengt ut fleire mindre hòler for sikring av materiell og personell.

Lenger inn i fjorden låg Nesje fort (HKB 14./981 Naesje byrja på hausten 1940) og Rutledal fort (HKB 15./981 Kirkeöen byrja på 1941) rundt ei mil austover frå Risenes. Aust for fortet i Rutledal låg det også eit torpedobatteri. Det låg også eit fort ved på Afsneset ved Vadheimfjorden (HKB 17./981 Klaevold)

Historia[endre | endre wikiteksten]

Den andre fortifiserte kommandoplassen på Risenes fort
Foto: John Erling Blad
Inne i den andre kommandoplassen som er delvis isprengd inn i fjellet
Foto: John Erling Blad

Evakueringsordren kom 10. juni 1942 til fire gardsbruk på Risenes. Oppsittarane fekk tre døgn til å pakke og flytte frå gardane sine. Dei fekk ingen tilbod om alternativ innkvartering, og dei måtte også flytte dyra. Tre av familiane flytta til Fallebø, og ein familie til skolehuset i Sygnefest. I husa flytta deretter «die Wehrmacht» inn. Risenes blei omgjort til det fjerde og siste kystfortet langs Sognefjorden.

På garden til Gunnar Thune blei eit større byggearbeid sett i verk, og det blei sett opp ein kommandopost i ein bunker nedanfor vegen. Kanonar blei sett opp i foreløpige stillingar mellom anna på bøen til Torstein Brensdal, og i september 1942 var batteriet klar til strid. Dette var batteri 4/750, det fjerde batteriet av 14 sjølvstendige i Abteilung 750. Batteriet var sett opp i Tyskland i juli 1942 med materiell og nøkkel-personell og flytta til Risenes. I april 1943 blei batteriet styrkt med fire nye franske feltkanoner på gummihjul (K.332) og dei tidlegare kanonane (K.332) blei trekte tilbake. Dette er et rørartilleri på 105 mm som kan skyte 16 kilometer. I mai blei det forsterka med to 88 mm russiske antiluftskytskanoner (Flak(r)) som stod oppe i fjellet. Dette antiluftskytset har ei rekkevidd på 14,8 kilometer. I tillegg hadde batteriet to tyske 2 cm Flak 38 som antiluftskyts. Det var også to mindre tyske 5 cm Kwk L/42 kanonar for nærforsvar, to norske mitraljøser (sMG) og to norske MG (1MG). Som ein siste skanse hadde dei også 12 Abwehr 42 flammekastarar. To store russiske lyskastarar som målte 150 cm blei brukt for å støtte eldleiing. Våpna er dokumentert i våpenoversynet frå 1. april 1945.[1]

Inngang til andre kommandoplass, med mitraliøsestilling
John Erling Blad (2008)
Løpegangar i fjellet bak kommandoplassen
John Erling Blad (2008)

Det blei sett opp ein kommandopost i støypt betong, og da krigen slutta, var tyskarane i gang med ombygging av kanonstillingane i tillegg til at ein stor kommandoplass med fjellanlegg var under arbeid. Den nye kommandoplassen var større og låg litt lengre opp og bak den opphavlege. Denne var knytt til fjellanlegget med alternative rømingsvegar og to fjellhallar. Arbeidet med festningsverka blei leia av ein tysk ingeniør. Det nye kommandopunktet var ein tysk standard konstruksjon og blei støypt i ein samanhengande operasjon. To store sementblandarar på 500 liter gjekk utan stopp til byggearbeidet var ferdig. Heilt til april 1945 pågjekk det anleggsarbeidar på staden, og 50 tyske anleggssoldatar og seks nordmenn var i arbeid med fjellanlegga.

På det meste ved slutten av krigen var det 104 soldatar på fortet fordelt på 2 offiserar, 23 underoffiserar og 79 meinige. Fullt oppsett ville styrken på fortet bestå av 121 mann fordelt på 2 offiserar, 23 underoffiserar og 96 meinige. Rundt anlegget var det lagt ut eller lagra 2 752 landminer i tillegg til piggtrådsperringar. Anlegget blei aldri helt ferdigstilt, sjølv om det blei sett i operativ stand. Fjellanlegget hadde opphavleg tre inngangar, men desse er blitt fylt igjen for å sikre dei rasfarlege gangane.

Fortet kom aldri under direkte åtak, men 14. november 1944 blei DS «Gula» åteke og bomba av allierte fly idet skipet passerte Dingja. Kapteinen rente skipet på grunn ved Vardeneset, midt i det tyske kystfortet, og det tyske mannskapet på plassen hjelpte til med redningsarbeidet og å sløkje brannen ombord.

Det var også ein alvorleg episode der ein tysk motortorpedobåt blei teken under eld. Ein konvoi var på veg ut fjorden samtidig som MTBen var på veg innover. Det blei skote opp signalbluss utan nokon reaksjon, deretter blei det skote varselskot. Når det framleis ikkje kom nokon reaksjon frå båten blei forta i Rutledal og Nesje bemanna og skaut mot båten. Fyrst når konvoien signalerte til MTBen svarte den og skytinga stoppa. Ingen blei skadde i episoden.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Tyskarane reiste frå Sygnefest nokre dagar etter kapitulasjonen 8. mai 1945. Dei etterlét alle våpen, kanonar og ammunisjon. Sivile menn blei bedne av lensmannen om å halde vakt over området. Gunnar Thune som kom frå den eine garden var ein av dei som heldt vakt over batteriet frå 13. mai til 14. juni 1945. Fyrst i juli var minefeltane rydda ferdig, og i midten av august fekk folk flytte tilbake til gardane sine.

Innmarka til garden var overstrødd med stein og store steinfyllingar. Husa var nedslitne, takstein knust og det var framleis piggtrådsperringar. Den siste perioden av krigen budde Hauptmann Kleiber i huset på garden og han hadde hatt kontor i den nordre stua. Delar av Risenes var framleis beslaglagt av det norske Kystartilleriet som hadde planer om eit norsk kystbatteri på staden.

Rundt juletider 1945 reiste dei norske soldatane frå Riseneset og Torstein Brensdal blei tilsett som oppsynsmann for batteriet. Kanonane blei fjerna i 1946 og i 1948 blei alle planer om eit norsk batteri skrinlagt. Frå 1. januar 1949 var all eigedom frigitt.

Gunnar Thune har etter krigen brukt store delar av livet sitt til å rydde garden. Der det var mogleg blei installasjonar og steinfyllingar dekte med jord, men delar av anlegget er framleis tilgjengeleg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Berge, Kjell-Ragnar; Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45 Hyllestad/Førde 1995 ISBN 82-993475-0-5
  • Brask Eriksen, Bjarte; Sogn Dagblad: Tyske fort i Ytre Sogn (7. april 1990) side 25

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]