Risenosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Risenosa er eit fjell (1573 moh) i Ørsta kommuneSunnmøre. Fjellet ligg aust for bygda Viddal. Til skilnad frå mange av dei andre fjelltoppane i Sunnmørsalpane, manglar Risenosa det kvasse og himmelragande.

Namnet er ei samansetjing av verbet rise, det er, seier Ivar Aasen; "kneise, rage frem, række høit op; ogsaa: optage et stort Rum.", og hokjønnssubstantivet nos, det er "en fremragende brat Forhøining."

Tre britar, J. H. Clapham, Charles Werner og C. J. Bebbe stod på den vide, flate toppen 16. august 1908.