Risfjorden ved Tufjorden
Risfjorden | |||
fjord | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
![]() Risfjorden |
Risfjorden (samisk Rissevuotna) er ein fjordarm av Tufjorden på Magerøya i Nordkapp kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 1,9 km sørover til det veglause fiskeværet Risøyfjorden i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Risfjordskjeret i vest og Litlekneet i aust. Risøyfjorden er 45 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden.
Det er ingen andre busetnader ved fjorden bortsett frå Risøyfjorden heilt inst.