Rishi Sunak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rishi Sunak
PM Rishi Sunak (cropped 2).jpg
Fødd12. mai 1980 (42 år)
Southampton
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, finansanalytiker, statsmann
InstitusjonarGoldman Sachs
The Children's Investment Fund Management
Utdanna vedStanford University
Lincoln College
Stanford Graduate School of Business
Winchester College
MorUsha
FarYashvir Sunak
EktefelleAkshata Murty

Rishi Sunak (fødd 12. mai 1980) er ein britisk konservativ politikar. Han er medlem i det britiske parlamentet, og har tidlegare vore finansminister. Sunak er den 54. statsministeren i Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rishi Sunak studerte politikk, filosofi og økonomi ved universitetet i Oxford. Han studerte òg MBA ved universitetet i Stanford.[1]

Han vart vald inn i det britiske parlamentet i 2015 som medlem av det konservative partiet, for valkrinsen Richmond i North Yorkshire.[2]

Sunak har vore finansminister frå 2020 til 2022, og sjefssekretær for finansdepartementet frå 2019 til 2020.[3]

Etter at Boris Johnson trekte seg 7. juli 2022 som partileiar og statsminister,[4] vart Sunak ein leiarkandidat. Han og Liz Truss vart dei to gjenståande kandidatane til å taka over i eit val gjort av medlemmane i partiet. Den 5. september 2022 vart det kunngjort at Truss hadde vunne leiarvalet med 81 326 røyster mot Sunak sine 60 399.[5]

Etter at Liz Truss trakk seg frå stillinga etter berre seks veker, melde Sunak seg att som kandidat, og vann. Han vart dermed partileiar og statsminister i Storbritannia.[6]

Sunak er gift med Akshata Murthy, og saman har dei to døtrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About Me», Rishi Sunak (på engelsk), henta 20. oktober 2022 
  2. «Rishi Sunak» (engelsk). UK Parliment. Henta 20. oktober 2022. 
  3. «The Rt Hon Rishi Sunak MP», GOV.UK (på engelsk), henta 20. oktober 2022 
  4. «Boris Johnson resigns; Tom Tugendhat confirms his candidacy as successor – as it happened», the Guardian (på engelsk), 7. juli 2022, henta 20. oktober 2022 
  5. «Truss wins Tory leadership race and faces daunting challenge as PM», The Independent (på engelsk), 5. september 2022, henta 20. oktober 2022 
  6. Ottesen, Oda Eggesbø (24. oktober 2022), «Sunak leiar overlegent i den britiske statsministerkampen», NRK, henta 24. oktober 2022