Rising av Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rising
Konsertalbum av Donovan
Utgjeve November 1990
Innspelt 1971–1981
Sjanger folk
Lengd 62:01
Selskap Permanent Records (UK)
Produsent Patrick Hehir
Kritikk
Donovan-kronologi 
Lady of the Stars
(1984)
Rising One Night in Time
(Japan 1993)


Rising er det tredje konsertalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut på Permanent Records i 1990. Rising fekk tittelen The Classics Live i USA, 25 Years in Concert i Europa og Atlantis i Storbritannia. Etter Rising har det vore mange nyutgjevingar av songane frå albumet med mange forskjellige titlar.

Rising vart visstnok innspelt sporadisk frå 1982 til 1986 på forskjellige stader i verda. Etter nærare ettersyn har ein kome fram til at albumet er frå ein amerikansk turne i 1971 og frå Cambridge Folk festival i 1981.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det ikkje kom ut Donovan-album i Storbritannia og Amerika tidleg i 1980-åra, var konsertane hans framleis populære. Donovan turnerte konstant i denne tida, og spelte mykje i Nord-Amerika og Europa.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Jennifer Juniper» 2:25
2.«Catch the Wind» 2:50
3.«Hurdy Gurdy Man» 6:04
4.«Sunshine Superman» 3:57
5.«Sadness» 2:56
6.«Universal Soldier»Buffy Sainte-Marie2:49
7.«Cosmic Wheels» 4:05
8.«Atlantis» 3:06
9.«Wear Your Love Like Heaven» 2:17
10.«To Susan On the West Coast Waiting» 1:39
11.«Colours» 2:29
12.«Young Girl Blues» 5:01
13.«Young But Growing»trad. arr. Donovan3:41
14.«Stealing»trad. arr. Donovan4:10
15.«Sailing Homeward» 3:04
16.«Love Will Find a Way» 2:44
17.«Laléna» 3:16
18.«Make Up Your Mind» 5:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Donovan – Gitar, munnspel, vokal
  • Paul Horn – Klarinett, fløyte, saksofon
  • Peter Mark – Bratsj
  • Danny Thompson – Bass

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]