Riskafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riskafjorden
fjord
Land  Noreg
Kart
Riskafjorden
58°56′06″N 5°49′26″E / 58.934953°N 5.82378389°E / 58.934953; 5.82378389
Satellittbilete viser korleis Gandsfjorden skjer Stavanger-halvøya frå fastlandet. Riskafjorden er fjordarmen lengst til høgre. (Kjelde: NASA WorldWind)

Riskafjorden er ein fjordarm av Gandsfjorden i Sandnes kommune i Rogaland. Fjorden ligg på sørsida av øya Uskjo og strekker seg 3,5 km søraustover frå innløpet til tettstaden Hommersåk. Innløpet ligg rett aust for Hillevåg i Stavanger. Frå botn av fjorden går Uskasundet nordover på austsida av Uskjo til sørsida av innløpet til Høgsfjorden.

Midt i Riskafjorden ligg Riskaholmane.