Rita Kirst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rita Schmidt)
Rita Kirst


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 21. oktober 1950 (73 år)
Großgrimma
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Rita Kirst, opphavleg Rita Schmidt, (fødd 21. oktober 1950) er ein tysk tidlegare høgdehoppar som representerte Aust-Tyskland. Ho vann øvinga i tre innandørs-EM, utandørs vart ho nummer 4 i tre EM på rad. Schmidt vart fødd i ein landsby i Sachsen-Anhalt som no er riven.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1967 til 1972 vart Rita Schmidt årleg austtysk meister i høgdehopp, i 1975 tok ho sitt sjuande nasjonale meisterskapsgull. Perioden 1968 til 1974 vann ho tre gongar; 1968, 1969, 1972, høgdetevlinga i den europeiske hallmeisterskapen, i 1970 og 1974 enda ho på tredjeplassen i hall-EM.

Schmidt deltok i Sommar-OL 1968 og vart nummer 5, same plasseringa fekk ho òg i Sommar-OL 1972. Under europameisterskapen 1969 stoppa alle dei fire beste kvinnelege høgdehopparane med 1,83 m som best, Schmidt tok høgda i tredje forsøk og vart den einaste som enda utan medalje. To år seinare hoppa Schmidt like høgt i Helsinki-EM og vart på ny nummer 4. Også i den neste europameisterskapen, i Roma i 1974, kom ho på fjerdeplass, då med 1,89 m, jamhøgt med Sara Simeoni som sette italiensk landsrekord og kneip bronsemedaljen.

Rita Kirst svinga seg over 1,92 meter ved eit innandørs-stemne i Sofia vinteren 1974. Våren 1976 hoppa ho 1,90 m i Dresden.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]