Ritornell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ritornell (eller refreng) er den delen av ein rondo som avbrotne av kontrasterande mellomspel vert gjenteke fleire gonger i løpet av musikkstykket.

I solokonsertar i barokken snakkar ein ofte om ritornellform som ei oppdeling i tutti- og soloavsnitt. Dette var ei form framfor alt Vivaldi gjorde populær. Orkesteret (tutti) opnar konserten med ein ritornell som inneheld dei musikalske hovudideane, etterfølgd av ein solistseksjon. Orkesteret spelar ritornellen i ulike toneartar og variantar, oftast forkorta. Mellom tutti-partia til orkesteret speler solisten virtuose solostrofer slik at mønsteret vert tutti-solo-tutti-solo-tutti. Berre sluttritornellen gjentar i nokre tilfelle heile ritornellen. I ritornellane er rekkefølgja av toneartane oftast tonika - dominant - tonikaparallell - tonika, og i moll tonika - dominant (eller molldominant) - tonikaparallell. Solodelen står i tydeleg kontrast til ritornellen ved at han ofte berre vert akkompagnert av ein generalbass med den harmoniske funksjonen å modulere til den neste tonearten i ritornellen.

Opphavleg vart ritornell nytta om tidlege italienske folkesongar med trelinjers strofer med rim på forma A-B-A.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]