Hopp til innhald

Riu Ripoll

Koordinatar: 41°56′11″N 2°33′05″E / 41.93639°N 2.55139°E / 41.93639; 2.55139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ripoll
elv
Land  Spania
Lengd 39,5 km
Kjelde Serra de Granera
 •  høgd 640 moh.
Munning Besòs
 •  høgd 35 moh.
Kart
Riu Ripoll
41°29′15″N 2°11′32″E / 41.4875°N 2.1922222222222°E / 41.4875; 2.1922222222222
Wikimedia Commons: Ripoll River

Ripoll er ei elv i comarca Vallès Occidental i Catalonia i Spania. Ho dekkjer det meste av fylket og kryssar det frå nord til sør, før ho munnar ut i Besòs, nær Barcelona.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Elva spring ut i Serra de Granera 640 meter over havet, og munnar ut i Besòs i Montcada i Reixac, 35,5 meter over havet. Ho er 39,5 km lang.[1] Ho renn gjennom kommunane Sant Llorenç Savall, Castellar del Vallès, Sabadell, Barberà del Vallès, Ripollet og Montcada i Reixac. Det meste av elva renn over leire som lett vert erodert, så elva har grove seg djup ned i jordsmonnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom historia har elva vorte nytta av innbyggjarane i det omliggande området til vatning sidan minst midten av 900-talet, då prestar frå Sant Llorenç bygde eit vatningssystem som framleis er i bruk i dag. Dette gjev vatn til frukthagar og kornmøller langs elva.

Etter kvart som området vart modernisert vart dei fleste møllene bygd om for å produsere papir, men denne industrien har ikkje vore ei dominerande næring langs elva sidan 1700-talet.

På 1800-talet vart dei fleste møllene bygd om igjen for å nyttast innan tekstilproduksjon. Dette varte til seint på 1900-talet. På grunn av fargestoff og kjemikaliar nytta i tekstilindustrien, vart vatnet i elva kraftig forureina.

I nyare tid er dei fleste tekstilfabrikkane nedlagde og vasskvaliteten har betra seg.

Flaum[endre | endre wikiteksten]

Ripoll i Sabadell under ein flaum, særs vanleg på våren.

I 1962 vart Vallès Occidental råka av kraftig flaum etter ein lengre periode med nedbør. Fattige emigrantar frå Sør-Spania hadde slått seg ned ved elva og vart særleg hardt råka.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lengd, arkivert frå originalen 31. august 2006, henta 28. april 2009 
  2. Nettside med bilete og informasjon om flaumen i 1962: [1] Arkivert 2007-07-26 ved Wayback Machine., [2] Arkivert 2007-02-24 ved Wayback Machine., [3] Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.

41°56′11″N 2°33′05″E / 41.93639°N 2.55139°E / 41.93639; 2.55139