Riulf Erlandsen
Utsjånad
Riulf Erlandsen | |||
![]() | |||
Fødd | 30. april 1825 Drøbak | ||
---|---|---|---|
Død | 7. august 1908 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | sorenskrivar, politikar | ||
Alle verv |
|
Riulf Engebret Erlandsen (30. april 1825–7. august 1908) var ein norsk jurist, sorenskrivar og politikar frå Drøbak. Han representerte valkrinsen Tønsberg i Stortinget 1877-79. Caspar Erlandsen var far hans.
Riulf Erlandsen vart cand.jur. i 1850. Etter tre år som sakførarfullmektig, var han 1854-57 sorenskrivarfullmektig i Jarlsberg. Åra 1856-77 arbeidde han som sakførar i Tønsberg. Styreleiar i Det vestfoldske skibsassuranceselskab. Frå 1877 til 1905 var han sorenskrivar i Søndre Helgeland, busett i Brønnøy.
Erlandsen representerte einmannskrinsen Tønsberg i Stortinget 1877-79. 1877 var han medlem i Kyrkjekomiteen, 1878-79 i Justiskomiteen.
Han flytta til hovudstaden og døydde der.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Folketeljinga 1900