River av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
River
av Joni Mitchell
frå albumet Blue
Utgjeve Juni 1971
Lengd 4:00
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell

«River» er ein song av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut på albumet hennar Blue frå 1971. Songen var skriven på piano og er blitt ein standard for artistar innan mange sjangrar, og har òg blitt ein populær julesong. Sjølv om han aldri kom ut på singel er «River» den nest mest innspelte songen til Mitchell av andre artistar.[1]

Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om eit kjærleiksforhold som nyleg har tatt slutt, og songaren ynskjer å kome bort frå dei smertefulle, kjenslemessige banda sine. Ein trur at songen er inspirert av forholdet ho hadde til Graham Nash frå 1968 til 1970.[2] Sjølv om songen er sett til juletid, handlar han ikkje om jul, men er likevel blitt ein slags moderne julesong. Forfattaren Will Blythe meiner at songen var inspirert av ein gong Mitchell vitja Chapel Hill i lag med dåverande kjærasten James Taylor og song julesongar i lag med familien hans.[3]

Pianoakkompagnementet låner kraftig frå melodien til julesongen «Bjelleklang».[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«River» er den nest mest innspelinge songen til Mitchell, bak «Both Sides, Now»,[1] og har ofte vore med på julemusikkalbum av både pop-, vise- og jazzartistar.[5]

Linda Ronstadt spelte inn ein versjon i 2000 på albumet hennar A Merry Little Christmas. Robert Downey jr. spelte songen på Ally McBeal. Han vart spelt av Barry Manilow i 2002 på albumet A Christmas Gift of Love der kjønnet vart byta om i eine verset.[6] Songen nådde 17. plassen på den amerikanske Adult Contemporary-lista. Sarah McLachlan spelte songen i 2006 på albumet hennar Wintersong og gav han ut på singel.[7] Versjonen hennar nådde 71. plassen på Billboard Hot 100 og åttandeplassen på Adult Contemporary-lista.[8] Den amerikanske visesongaren James Taylor spelte inn songen i 2006 på studioalbumet James Taylor at Christmas. Han hadde først høyrt songen då Joni Mitchell spelte songen for han i huset hennar i 1970.[9] Den amerikanske jazzsongaren Madeleine Peyroux spelte inn songen i ein duett med k.d. lang i 2006 på albumet hennar Half the Perfect World.

I 2017 spelte Sam Smith inn songen som ein del av Spotify Singles-serien. Smith-versjonen vart spelt inn i RAK Studios i London.[10]

Ein versjon av Judy Collins kom ut i 2019 i lag med Jonas Fjeld på albumet deira Winter Stories.[11]

27. desember 2019 nådde ein versjon av Ellie Goulding toppen av UK Singles Chart.

I 2020 spelte Olivia Rodrigo inn songen på High School Musical: The Musical: The Holiday Special.

Ein versjon omsett av Endre Ruset til norsk vart spelt inn av Marthe Valle og gjeve ut under namnet «Fjord» på singel i 2017.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Joni Mitchell-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Plassering
Skottland (Official Charts Company)[12] 75

Glee Cast-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (2011–2012) Plassering
41
US Holiday Digital Song Sales (Billboard)[13] 33

Ellie Goulding-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[14] 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[15] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Joni Undercover». Joni Mitchell. Henta 23. januar 2021. 
  2. «Sweet Inspiration: Joni Mitchell and Graham Nash». The Flower and the Vine. 14. mai 2013. Henta 19. januar 2021. 
  3. «Joni Mitchell's Chapel Hill Christmas». North Carolina Public Radio – WUNC. 23. desember 2019. Henta 23. januar 2021. 
  4. du Lac, J. Freedom (7. desember 2018). «How a 'thoroughly depressing' Joni Mitchell song became a blue Christmas classic». The Washington Post. Henta 23. januar 2021. 
  5. «How Joni Mitchell's sad song «River» became a Christmas classic». The Denver Post. 17. desember 2015. Henta 23. januar 2021. 
  6. «River – Barry Manilow – Song Info – AllMusic». AllMusic. Henta 23. januar 2021. 
  7. «Wintersong – Sarah McLachlan – Songs, Reviews, Credits – AllMusic». AllMusic. Henta 23. januar 2021. 
  8. «Sarah McLachlan». billboard.com. Henta 23. januar 2021. 
  9. Freedom du Lac, J. (5. desember 2017). «'River,' the 'thoroughly depressing' Joni Mitchell song that somehow became a Christmas classic». The Washington Post. Henta 4. desember 2019. 
  10. Armstrong, Megan (30. november 2017). «Demi Lovato, Fifth Harmony, Kelly Clarkson, Sam Smith & More Unveil Christmas Spotify Singles». Billboard. Henta 23. januar 2021. 
  11. «Judy Collins Covers a Folk Gem for Her 'Winter Stories' Album: Premiere». Billboard. 9. oktober 2019. 
  12. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 23. januar 2021.
  13. «Glee Cast Chart History (Holiday Digital Song Sales)». Billboard. Henta 23. januar 2021. 
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 23. januar 2021.
  15. «British single salstrofé – Ellie Goulding – River». British Phonographic Industry. Henta 23. januar 2020.  Enter River in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Teksten på den offisielle nettsida til Joni Mitchell.