Riverdance

Riverdance er ei danseframsyning med irsk dans og musikk. Ho stammar frå eit sju minutt langt pauseinnslag under Eurovision Song Contest 1994.[1]
Riverdance blei framført for fyrste gong 30. april 1994 med Jean Butler og Michael Flatley som hovuddansar og musikk skriven av Bill Whelan og framført av Anúna. Ekteparet John McColgan og Moya Doherty vidareutvikla det til ei full framsyning med hovudvekt på irsk folkedans og steppedans, men med innslag av spansk flamenco, russisk folkedans og amerikansk steppedans.[2]
Sidan byrjinga har showet vitja over 450 arenaer over heile verda og blitt sett av over 25 millionar menneske, noko som gjer det til ein av dei mest suksessrike danseproduksjonane i verda.[3]
Koreografien er hovudsakleg laga av Michael Flatley, men Jean Butler og Colin Dunne står også bak ein del av innslaga. Alle tre har vore hovuddansarar i framsyninga. Michael Flatley gjekk etter sin periode i Riverdance vidare og laga danseshowet Lord of the Dance.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Interval Act Riverdance Steals Eurovision Limelight», RTÉ Archives (på engelsk), henta 4. mai 2025
- ↑ Eitland, Kris (21. januar 2016), «Irish ‘Riverdance’ Keeps Rolling, Adds Flamenco & Russian», San Diego Story (på engelsk), henta 4. mai 2025
- ↑ Hayes, Cathy (29. januar 2015): «Amazing facts about the Irish dance phenomenon ’Riverdance’», IrishCentral.com.
- Denne artikkelen bygger på «Riverdance» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2025.