Rivertonklubben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rivertonklubben
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer995234688
Skipa12. juni 1972
LeiarTrude Teige
Nettstadhttp://www.rivertonklubben.no/ Sjå dette på Wikidata

Rivertonklubben er ei norsk foreining stifta i 1972 som har som formål å arbeida for fremjing av den gode kriminallitteraturen i Noreg. Klubben skal fungera som eit fagleg fellesskap for forfattarar, redaktørar, litteraturforskarar og andre som har ei yrkesmessig tilknyting til kriminallitteratur. Klubben har namn etter forfattaren Sven Elvestad, som også signerte med namna Kristian F. Biller, Knut Gribb, Asbjørn Krag og Stein Riverton.

Sidan 1973 har Rivertonklubben delt ut den kriminallitterære Rivertonprisen. Den fyrste vinnaren var Sigrun Krokvik, for beste norske krimroman utgjeven i 1972, Bortreist på ubestemt tid. Seinare har ein delt ut prisen årleg, bortsett frå i 1977 og 1984

Sidan 2007 har Rivertonklubben disponert eit eige rom i Litteraturhuset i Oslo, det såkalla Rivertonrommet. Her finst klubben si samling av kriminallitteratur, den såkalla Rivertonsamlingen, og ei påbyrja samling som skal omfatta all norsk kriminallitteratur. Rommet kan òg disponerast til styre- og medlemsmøte for Rivertonklubben.

I 2017 hadde Rivertonklubben kring 150 medlemmer.[1]

Presidentar i Rivertonklubben[endre | endre wikiteksten]

  1. Gerd Nyquist (1972–1977)
  2. Nils Nordberg (1977–1983)
  3. Sigurd B. Hennum (1983–1985)
  4. Nils Nordberg (1985–2001)
  5. Anne Holt (2001–2003)
  6. Jon Michelet (2003–2009)
  7. Hans H. Skei (2009–2015)
  8. Tom Egeland (2015–2019)
  9. Trude Teige (2019)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.rivertonklubben.no Arkivert 2022-12-02 ved Wayback Machine. besøkt 2008.11.17

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]