Rjukan-Notodden industriarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°52′43″N 8°35′37″E

Rjukan-Notodden industriarv
Vemork Power Station.jpg
Vemork kraftstasjon ved Rjukanfossen
Foto: Michael Spiller
LandNoreg
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs 39. sesjon i 2015.
Referansenr. 1486.
Kriterium:KULTUR (II), (IV)
Sjå ògVerdsarvstader i Norden
BakgrunnsstoffRjukan-Notodden industriarv ved unesco.org

Rjukan-Notodden industriarv er ein verdsarvstad i Telemark, oppretta for å verna industrilandskapet rundt Rjukan og Notodden, med jarnbane og jarnbaneferjer på Tinnsjå.[1][2] Verdsarvstaden er sentrert rundt utnyttinga av vasskraft frå innsjøen Møsvatn og vassdraget derifrå, ned gjennom Tinnsjå og ned til Heddalsvatnet og Tinnåa, der det vart bygt vasskraftverk og storskalaindustri på Norsk Hydro for å produsere kunstgjødsel av naturbasert nitrogen. Komplekset omfattar òg transportsystemet, med privatjarnbanene Rjukanbanen og Tinnosbanen, og Tinnsjøferjene DF «Ammonia» og MF «Storegut», tilføring av strøm, busetnad og ei rekkje byinstitusjonar knytte opp mot leiing og arbeidarar i dei to byane og fabrikkar.[2]

Rjukan-Notodden industriarv blei ført opp på den tentative verdsarvlista i 2009 saman med OddaTyssedal industriarv.[3][4] 5. juli 2015 vart staden ført opp på verdsarvlista.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rjukan - Notodden industriarv : nominasjon til Unescos verdensarvliste : nominasjonsdokument. Redigert av Trond Taugbøl og Eystein M. Andersen ; utarbeidet av Riksantikvaren på vegne av Klima- og miljødepartementet. Oslo, 2014. 457 sider. (pdf)
  2. 2,0 2,1 «Rjukan–Notodden Industrial Heritage Site». UNESCO. 5. juli 2015. Henta 20. juli 2015. 
  3. «Tentativ liste». Riksantikvaren. Henta 20. juli 2015. 
  4. «Rjukan/Notodden and Odda/Tyssedal Industrial Heritage Sites, Hydro Electrical Powered Heavy Industries with associated Urban Settlements (Company Towns) and Transportation System». UNESCO. Henta 20. juli 2015. 
  5. Rjukan og Notodden på verdensarvlisten; unesco.no, 5. juli 2015
  6. «Rjukan og Notodden på verdensarvlisten». Riksantikvaren. 5. juli 2015. Henta 20. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rjukan-Notodden industriarv