Roa stasjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
Roa stasjon er ein jarnbanestasjon på Gjøvikbanen gjennom Lunner kommune i Viken, ferdig i 1909 i samband med at Bergensbanen vart opna og knytt til Gjøvikbanen på denne stasjonen.
Bergensbanen på strekninga frå Roa stasjon til Hønefoss stasjon er ikkje lenger i bruk for ordinære persontog, berre for godstog, og har difor fått namnet Roa-Hønefosslinja. Roa stasjon er no berre stoppestad for persontog på Gjøvikbanen. Det er ikkje manuelt sal av billettar her, og heller ingen billettautomat. Men Jernbaneverket har mannskap på stasjonen.