Roald Amundsens gate i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′49.622″N 10°44′7.5264″E

Roald Amundsens gate med Rådhuset i bakgrunnen

Roald Amundsens gate er ei nord-sørgående gate i Oslo sentrum, mellom Karl Johans gate og den halvsirkelforma Fridjoft Nansens plass framfor hovudinngangen til Oslo rådhus. Gata fekk namnet i 1992 etter polarforskaren Roald Amundsen, og hadde til då vore ei strekning av Universitetsgata. Denne strekninga vart opparbeidd i samband med rådhusreguleringa i 1930-åra, og fylgde til dels traseen til den tidlegare gata Filosofigangen frå 1850-åra.

Namneendringa i 1992 skuldast at den opphavlege Roald Amundsens gate, parallellgata i vest, vart gjeve namnet Olav V's gate til minne om kong Olav V.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]