Roald Amundsens heim Uranienborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roald Amundsens villa fotografert i 1909.
Uranienborg ligg heilt nede ved Bunnefjorden.
Roald Amundsen i arbeidsrommet sitt på Uranienborg i 1910.

Roald Amundsens heim Uranienborg attmed Bunnefjorden på Svartskog i Oppegård kommune er ein villa i sveitserstil som var polarfarar og oppdagar Roald Amundsens heim frå 1908 til han døydde i 1928. Huset er ein villa i sveitserstil frå 1898, og står framleis slik det var då Amundsen drog av garde med flyet Latham for å freiste kome general Nobile og ekspedisjonen hans til hjelp. Frå 1935 har Uranienborg vore museum, og i 2003 tok Follo Museum i Drøbak over forvaltingsansvaret.

Roald Amundsen fekk skøyte på eigedomen av Nils Julius Ytterborg i 1908, og gav eigedomen namnet Uranienborg etter barndomsheimen i Lille Uranienborg, Uranienborgveien 9 i Oslo. Men etter at Amundsen fekk økonomiske problem på midten av 1920-talet, kjøpte hans nære ven, konsul Gade, eigedomen i 1926, og gav Amundsen høve til å verte buande. Fem år etter at Amundsen døydde i 1928, overdrog Gade eigedomen som gåve til staten.

I tillegg til villaen i sveitserstil med rikt profilert og utskorne listverk (såkalla snikkarglede), er det uthus, ishus, badehus, lysthus, bod, vaktmeistarbustad og hundehus på eigedomen. Fleire av ekspedisjonane til Amundsen vart planlagt på denne eigedomen, og uthuset har til tider vore nytta som depot for ekspedisjonane.

Uranienborg gjev eit inntrykk av Amundsen som privatperson. Her står skrivebordet hans, det gamle pianoet som var med ombord på ekspedisjonsskipet «Maud» som Amundsens fekk bygd hjå båtbyggar Chr. Jensen i Vollen i Asker for ferda gjennom Nordaustpassasjen, og mange andre gjenstandar, suvenirar og gåver som han hadde med frå ekspedisjonane og føredragsturnear. Her er òg rommet til Kakonita og Camilla, dei to tsjuktsjarjentene som vart teke med til Noreg i 1922.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Roald Amundsens heim Uranienborg