Roald Bye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roald Bye
Fødd7. november 1928
Hommelvik
Død15. april 2003 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Roald Åsmund Bye (7. november 192815. april 2003) var ein norsk politikar frå Malvik, aktiv Arbeidarparti-mann, samt byråkrat og kulturarbeidar. Johan Nygaardsvold var morfaren hans.

Bye arbeidde ved trygdekassa i Malvik frå 1950. Deretter var han styrar ved Arbeidskontoret for Stjørdalen i tida 1962 til 1969. Han var formann i Sør-Trøndelag Arbeidarparti 1957–69.

I heile fire valperiodar, 1954-69, var Bye vararepresentant til Stortinget. Hausten 1969 fekk han fast plass på Stortinget, vald for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag. Han vart attvald både i 1973 og 1977, sa så nei til ny nominasjonen i 1981. Bye var særleg oppteken av sosialpolitiske spørsmål, og i alle sine tre periodar på Stortinget var han medlem av Sosialkomiteen. Han engasjerte seg i saker som gjaldt barnetrygd, krigspensjon, dagpengar og sjukepengar. I si tid på Stortinget var han saksordførar for trygdesaker som nedsetjing av pensjonsalderen frå 70 til 67 år, sjukepengereforma som gav full lønn under sjukdom, og opprettinga av Likestillingsrådet. Han arbeidde også aktivt for at det vart bygt ut eit godt helsestasjonstilbud til alle born i Noreg. Siste fireårsperioden på Tinget var han også medlem av Valkomiteen.

Etter åra på Stortinget arbeidde Bye som instituttleiar ved Statens Attføringsinstitutt i Trondheim i tida 1982–90.

Bye var ein aktiv friviljug lokal kulturarbeidar. Han var manusforfattar og regissør for lokalrevyen i Hommelvik, aktiv i lokalhistorisk formidling og engasjert i barne- og ungdomsarbeid i Framfylkingen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]