Roald Helgheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roald Helgheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. august 1942
Jølster kommune Sjå dette på Wikidata
Død

16. august 2021 (78 år)

Yrke journalist, forfattar
Prisar Heidersprisen Aasmund Olavson Vinje

Roald Ola Helgheim (23. august 194216. august 2021) var ein norsk journalist, mest kjend som musikkmeldar og politisk kommentator.

Helgheim var fødd i Jølster.[1] Han var utdanna cand.mag. i fysikk og matematikk. Han engasjerte seg i den norske ml-rørsla, og byrja å arbeida i Klassekampen i 1970, då avisa berre kom ut ein gong i månaden. Han var sentral i etableringa av Klassekampen som vekeavis i 1973 og dagsavis i 1977. Han slutta i avisa i samband med konflikten i Klassekampen i 1997, då Jon Michelet vart tilsett som ny redaktør. Året etter forfatta han coverteksten til Christian Wallumrøds No birch.

Helgheim var også journalist for musikkavisa Puls, for Dagsavisen og for vekeavisa Dag og Tid.[1]

I eit intervju etter å ha vunne Ella-prisen rangerte jazzjournalisten dei to konsertane med John Coltrane i Njårdhallen (November 1963) og Miles Davis på Moldejazz (1984) høgast, følgd av M.A. Numminen ved Moldejazz (Ludvig, 1992) og Chick CoreaMoldejazz i 2000.[2]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Molderosen (1988)[1]
  • Vinjeprisen 1990[1]
  • Oslo Jazzhus' ærespris (1992)
  • Oslo Jazzfestivals pris, Ella-prisen (2003)[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Karlsvik, Mette, «Sjølvaste Helgheim er 75», Dagsavisen (på norsk), henta 19. august 2021 
  2. Lars West Johnsen (16.8.2003). «Så mye jazz, så lite tid». Dagsavisen. 
  3. Helgheim vinner jazzpris Arkivert 2007-02-02 ved Wayback Machine., Norsk Musikkinformasjon (13.8.2003)