Roald Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roald Jensen
Personleg informasjon
Kallenamn Kniksen
Fødd 11. januar 1943
Fødestad Bergen
Død 6. oktober 1987 (44 år)
Dødsstad Bergen
Posisjon angrep/ving
Ungdomsklubbar
1953-1956
1956-1959
Dynamo
Brann
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1960-1964
1964-1971
1971-1973
Brann
Hearts
Brann
82 (51)[1]
74 (19)[2]
40 0(9)[3]
Landslag
1959-1960
1960
1960-1971
Noreg G19
Noreg U21
Noreg
002 0(0)[4]
002 0(0)[4]
031 0(5)[4]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Roald «Kniksen» Jensen (11. januar 19436. oktober 1987)[5] var ein norsk fotballspelar frå Bergen som spelte i Sportsklubben Brann, i det skotske laget Hearts og for det norske herrelandslaget i fotball. Jensen er rekna som ein av dei beste norske fotballspelarane gjennom tidene og som den største brannspelaren.

Barne- og ungdomsår[endre | endre wikiteksten]

Roald Jensen vart fødd 11. januar 1943 i Bergen[6] og voks opp på Eidsvågneset. Han var son av arkitekten Karl Ingolf Jensen og Kirsten Alice Rokne.[7] Han var bror til Kjell Jensen som seinare også vart fotballspelar og spelte for Brann.[8] Som barn kunne Jensen spele fotball i hagen heime i timevis.[7] I sjølvbiografien, Gje meg en B - !, Boka om Brann, beskriv han ein situasjon der han som fireåring ved eit uhell mister ballen han nytta. Jensen huska dette som eit av dei mest ulukkelege augneblinka i sitt liv.[9] Som tiåring var han del av oppstarten av eit fotballag som vart gjeve namnet Dynamo. I ein kamp denne klubben spelte og vann 22–0, laga Jensen 15 mål.[7]

Roald Jensen kom til Brann som trettenåring og dominerte straks dei ulike ungdomslaga i klubben.[7] Han vart allereie då lagt merke til for sin høge tekniske dugleik.[9] Då Brann sitt juniorlag vann noregsmeisterskapen i 1959 møtte 16 000 tilskodarar opp for å sjå finalen med Roald Jensen på Brann stadion.[10]

Jensen fullførte realskulen og gjekk to år på Bergen tekniske skole før han slutta og konsentrerte seg om fotballen.[7]

Karriere som seniorspelar[endre | endre wikiteksten]

Brann (1960–1964)[endre | endre wikiteksten]

Jensen spelte sin første seniorkamp for Brann borte mot Viking 24. april 1960.[11] Sidan han berre var 17 år hadde Brann innhenta eit eige løyve for at Jensen skulle kunne spele.[10] Han spelte alle dei seks attverande kampane i Hovudserien den våren og laga sine to første mål på seniornivå.[11][12] Trass i at Roald Jensen var ein tidleg suksess i branntrøya rykte laget ned til Landsdelserien.[13] Dette seriespelet starta allereie same haust, og Roald Jensen spelte alle åtte kampane på hausten 1960.[11] Same året fekk Jensen sin debut på landslaget i ein kamp mot Austerrike, sjølv om uttakingskomiteen for landslaget var skeptisk til å ta han ut på grunn av alderen.[10] Han laga sitt første landslagsmål i sin andre landslagskamp i august 1960, då Finland vart slått 6–3,[7][14] men det verkelege gjennombrotet kom i ein kamp mot Sverige då tjuagutane Roald Jensen og Rolf Birger Pedersen sjarmerte heile nasjonen med eit fantastisk spel, men samtidig med ein sjenert og audmjuk framferd.[15] Noreg vann kampen 3–1.[16] Roald Jensen var no vidt kjend for sin unike ballkontroll og for sine presise skot og pasningar.[7] Under kallenamnet «Kniksen» vart han ein av dei største sportsstjernene i Noreg på byrjinga av 60-talet.[7]

Etter vårsesongen 1961 rykte Brann opp frå Landsdelserien. Ligasystemet skulle endrast og hausten 1961 byrja ein den såkalla maratonligaen som strekte seg frå haustsesongen 1961 og gjennom 1962.[17] 10 av 30 kampar vart spelt hausten 1961 og Kniksen var på banen i alle kampane og lagde fem mål.[18] Jensen fekk òg spela alle cup-kampane som enda i semifinaletap mot Fredrikstad på Brann stadion i oktober. Tilskodartalet på 24 800 er framleis tilskodarrekorden til Brann.[19] Kniksen var ikkje fast på landslaget, men spelte til saman sju kampar.[4][9]

I 1962 var Kniksen med på å ta Brann sitt aller første seriemeisterskap då dei vann den 30 kampar lange marataonligaen.[20] I boka Godfoten fortel Nils Arne Eggen om kampen mellom Rosenborg og Brann på Lerkendal mot slutten av sesongen. Det var den nest siste kampen den sesongen og Brann storspelte. Mot slutten av kampen tar Kniksen og Rolf Birger Pedersen av seg fotballskoa og audmjuka Trondheimslaget ved å spela i sokkelesten.[21] Brann vann kampen 4–1 og Kniksen lagde eit av måla,[22] men om dei faktisk spelte i sokkelesten er omstridt og Rolf Birger Pedersen har alltid nekta for at det hende.[23] Etter sesongen vart Kniksen kåra til årets angripar av Verdens Gang, og til årets spelar i Sportsboken.[24]

Brann gjentok suksessen og vann også serien i 1963.[25] I 1964 gjekk det derimot dårleg. Roald Jensen var mykje plaga av skader og sesongen enda i nedrykk året etter at Brann var seriemeister for andre år på rad.[26]

Hearts (1965–1970)[endre | endre wikiteksten]

Etter 1964-sesongen melde Jensen overgang til det skotske laget Hearts og profesjonell fotball. Han fekk sin debut som Hearts første utanlandske spelar 2. januar 1965.[2][27] Kniksen var i Hearts til og med 1971 og spelte 74 seriekampar for klubben. Han laga mellom anna eit overtidsmål i semifinalen i den skotske cupen i 1968 og førte laget til cupfinalen. I finalen vart det tap 3–1 for Dunfermline Athletic.[27]

Tilbake i Brann (1971–1973)[endre | endre wikiteksten]

Kniksen kom tilbake til Brann sumaren 1971 etter å ha hatt karantene frå norsk fotball eit halvt år sidan han hadde vore profesjonell fotballspelar. Kniksen spelte ni kampar og lagde to mål, men medverka lite og kunne ikkje hindra at Brann enda nest sist i serien.[28] Vanlegvis ville dette ført til nedrykk, men på grunn av utviding av førstedivisjon til tolv lag fekk Brann fortsetta i det gjævaste selskapet.[28]

Før sesongstart i 1972 hamna Kniksen i slåstkamp med dommaren under ein innandørsturnering i Haukelandshallen. Kniksen fekk eit halvt års karantene og kunne ikkje delta i seriespelet før i haustsesongen 1972.[29] Sesongen enda derimot i triumf då Brann vann cupfinalen 1-0 mot Rosenborg.[29] Trass i at Kniksen berre spelte halve sesongen på grunn av suspensjonen vart han likevel kåra til årets spelar i Noreg etter å ha spelt til saman 14 kampar i serie og cup.[30]

Kniksen spelte regelmessig i 1973-sesongen og det var venta at han ville spela ei god stund til. Etter ein episode i ein kamp der Kniksen hamna i ein krangel vart han fråteken kapteinsbindet av Brann-trenar Ray Freeman. Klubbstyret insisterte derimot på at Roald Jensen skulle vera lagkaptein og overstyrte difor trenaren. Ny trenar etter 1973-sesongen var Billy Elliott, og då Jensen hamna i konflikt med han òg valde han å leggja opp.[31] Den siste kampen til Kniksen vart returoppgjøret i cupvinnarcupen, borte mot Glentoran F.C. 7. november 1973.[32]

Totalt spelte Roald Jensen 244 kampar for Brann og er rekna som klubben sin største spelar gjennom tidende.[31]

Utanfor fotballen[endre | endre wikiteksten]

Roald Jensen gifta seg med Eva Sofie Jetmundsen den 15. juli 1967.[7] Dei fekk fleire born, og sonen Sondre Jensen fekk fem kampar for Brann i 1990 og 1991.[33] Før tilbakekomsten i Brann i 1971 arbeidde han for Fiskernes Bank i Bergen.[10] Etter fotballkarrièren fortsette han arbeidet i bank- og forsikringssektoren.[7]

Kniksen spelte på fleire av Branns Old-boys lag og under trening den 6 oktober 1987 døydde Kniksen av eit hjerteinfarkt.[20] Fleire tusen var til stades under gravferda frå Fyllingsdalen kyrkje.[10]

Minnemarkeringar[endre | endre wikiteksten]

Til minne om Roald Jensen har «Kniksen-prisen» blitt utdelt etter kvar fotballsesong sidan 1990 i regi av Norsk Toppfotball.[34] I 1995 vart det reist ein statue av Roald Jensen utanfor Brann stadion. Statuen i bronse er laga av kunstnaren Per Ung.[35] I 2008 vart eit større område utanfor Brann stadion døypt Kniksens plass til ære for Roald Jensen.[36] Dette har også blitt Brann si nye gateadresse.[37]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Nielsen, s. 213–217
  2. 2,0 2,1 «Roald Jensen», Londonhearts.com, London Hearts Supporter Club, arkivert frå originalen 10. desember 2009, henta 2. juni 2009 
  3. Nielsen, s. 224–226
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Roald Jensen, 13.1.1943», fotball.no, Noregs Fotballforbund, arkivert frå originalen 27. mai 2011, henta 29 mai 2009 
  5. Bilde av Roald Jensens gravstein, Gravminner i Norge. Besøkt 4. mai 2017.
  6. Mange kjelder, både norske og utanlandske, oppgjer «Kniksen» sin fødselsdato som 13. januar 1943, men Jensen sin gravstein seier at han vart fødd 11. januar.
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 Skreien, Norvall (2002), «Roald Jensen», Norsk biografisk leksikon (2 utg.) (Oslo: Kunnskapsforlaget), henta 29. mai 2009 
  8. Vaksdal, Birgitte (9 juli 2008), «Kjell Jensen er død», Bergensavisen, henta 1 juni 2009 
  9. 9,0 9,1 9,2 Sæter & Øiestad, s. 167
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «Roald «Kniksen» Jensen (1943 – 1987)», Bergensavisen, 27 July 2008, henta 30 mai 2009 
  11. 11,0 11,1 11,2 Nielsen, s. 213
  12. «Roald «Kniksen» Jensen. Sesonger i Eliteserien», Aftenposten, henta 30. mai 2009 
  13. Nielsen, s. 73
  14. «Norge – Finland 6 – 3 (2 – 1)», fotball.no, Football Association of Norway, arkivert frå originalen 23. november 2005, henta 1. juni 2009 
  15. Staalesen, Gunnar (23 oktober 2007), «Vi som husker Kniksen», Gullmagasinet 2007 (Bergen: Bergens Tidende): 66–67, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 9. november 2009 
  16. «Norge – Sverige 3 – 1 (2 – 1)», fotball.no, Football Association of Norway, henta 18 juni 2009 
  17. Nielsen, s. 76–77
  18. Nielsen, s. 214
  19. Nielsen, s. 76
  20. 20,0 20,1 Ånesen, Reidar, «Roald «Kniksen» Jensen», Store norske leksikon (Oslo: Kunnskapsforlaget), henta 29 mai 2009 
  21. Eggen, Nils Arne; Nyrønning, Sverre M. (1999), Godfoten : samhandling - veien til suksess, Oslo: Aschehoug, ISBN 8203223958 
  22. Nielsen, s. 215
  23. Nielsen, s. 77
  24. Sæter & Øiestad, s. 166
  25. Sæter & Øiestad, s. 168
  26. Nielsen s. 79
  27. 27,0 27,1 David Speed; Alex Knight, Hearts History 1964-1974, Heart of Midlothian F.C., arkivert frå originalen 10. mars 2009, henta 2 juni 2009 
  28. 28,0 28,1 Nielsen, s. 89
  29. 29,0 29,1 Nielsen, s. 90
  30. Nielsen, s. 90, 225
  31. 31,0 31,1 Nielsen, s. 93
  32. Nielsen, s. 93, 226
  33. Nielsen, s. 124, 243–244
  34. Hvem blir årets Kniksen?, Norsk Toppfotball, 31 oktober 2007, henta 8 november 2009 
  35. Hartvedt, Gunnar Hagen (1999), «Offentlige minnesmerker og prydskulpturer», Bergen Byleksikon (3 utg.), Oslo: Kunnskapsforlaget, s. 560, ISBN 8257304859 
  36. Berntsen, Tale Nesmann (4 December 2008), Årstad bydel får Kniksens plass, Bergen Kommune, henta 29 mai 2009 [daud lenkje]
  37. Olsen, Bjørn Thomas (3 December 2009), «Her er Kniksens plass», Bergensavisen, henta 2 juni 2009 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]