Roar Ljøkelsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roar Ljøkelsøy
Roar Ljøkelsøy 2005.jpg
Fødd 31. mai 1976
Orkdal
Yrke skihoppar
Roar Ljøkelsøy på Commons

Roar Ljøkelsøy (fødd 31. mai 1976) er ein norsk tidlegare skihoppar. Han vart verdsmeister i skiflyging 2004 og sikra seg to bronsemedaljar under Vinter-OL 2006. Ljøkelsøy vann elleve renn i verdscupen og enda på andreplass i verdscupen i skihopping både i 2004 og 2005. I tida 1999-2009 vart han noregsmeister tre gongar. Han var medlem av Orkdal IL og tilslutta treningsgruppa Trønderhopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ljøkelsøy debuterte i verdscupen på Lillehammer i mars 1993. Frå han var 17 år gammal høyrde han heime i den nasjonale eliten i skihopping. Han slo gjennom internasjonalt i 1995/96-sesongen, med ein andreplass i Planica som toppunkt. Også i 1997-sesongen tok han pallplasseringar i verdscupen. Derimot sleit han i tida 1998-2002 med å hevde seg mot dei aller beste skihopparane i verda.

Med finske Mika Kojonkoski som ny norsk landslagstrenar frå 2002, hoppa Ljøkelsøy seg inn i den absolutte verdstoppen i skihopping. I januar 2003 vann han sitt fyrste verdscuprenn i Sapporo i Japan. Sesongen etter sigra han i sju verdscuprenn og vart også verdsmeister i skiflyging. I verdscupen samanlagt vart han då andremann, fattige ti poeng bakom Janne Ahonen frå Finland.

Ljøkelsøy var endå sterkare i 2004/05-sesongen, men ein Ahonen i stabil toppform - finlendaren vann 13 av dei fyrste 15 verdscuprenna han deltok i - gjorde at Ljøkelsøy berre vann to verdscuprenn. Men også i 2005 vart han nummer to i verdscupen samanlagt. I alt sanka han då 1440 poeng, 134 fleire enn året før. I Vinter-OL 2006 tok Ljøkelsøy bronsemedalje i normalbakken og i laghoppinga, den siste saman med Lars Bystøl, Bjørn Einar Romøren og Tommy Ingebrigtsen.

Dei siste tre sesongane som aktiv heldt Ljøkesøy nasjonalt toppnivå, men lukkast ikkje å kome på sigerspallen internasjonalt. Han la opp etter han ikkje makta å kome med i OL-troppa til Vancouver vinteren 2010.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Nr 12 i Planica
  • 1994: Nr 6 både i Murau og Liberec
  • 1995: Nr 14 både i Lahti og Falun
  • 1995/96: Nr 2 i Planica
  • 1997: Nr 2 i Sapporo og nr 3 i Willingen
  • 1998: Nr 10 i Engelberg og i Vikersund (skiflyging)
  • 1999: Nr 10 i Harrachov
  • 2000: Nr 7 i Engelberg
  • 2000/01: Nr 6 i Kuopio
  • 2001/02: Nr 5 i Engelberg
  • 2002/03: Siger i Engelberg og nr 2 i Oslo
  • 2004: Fem sigrar (Sapporo (2), Oberstdorf (skiflyging), Lillehammer, Holmenkollen), to andreplassar og ein tredjeplass
  • 2005: To sigrar (Zakopane, Sapporo), fire andreplassar og to tredjeplassar
  • 2006: Ein siger (Sapporo), tre andreplassar og ein tredjeplass
  • 2007: Ein andreplass i Zakopane
  • 2008: Nr 10 i Val di Fiemme
  • 2009: Nr 5 i Willingen
  • 2009/10: Nr 8 på Lillehammer

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1993: Nr 12 i normalbakken på Lillehammer
  • 1995: Nr 5 i normalbakken i Rælingen
  • 1996: Bronsemedalje i normalbakken i Stryn
  • 1997: Nr 4 i normalbakken i Mo i Rana
  • 1998: Nr 4 i storbakken i Meldal
  • 1999: Gullmedalje i storbakken på Rena, sølvmedalje i normalbakken på Raufoss
  • 2000: Bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 2001: Nr 7 i storbakken i Trondheim
  • 2003: Nr 5 i storbakken på Lillehammer
  • 2004: Gullmedalje i normalbakken på Bardufoss, bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 2005: Sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2007: Sølvmedalje i normalbakken i Molde
  • 2009: Gullmedalje i normalbakken på Raufoss, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]