Rob Mounsey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rob Mounsey

Fødd2. desember 1952 (71 år)
FødestadBerea
OpphavUSA
Aktiv1976 til i dag
Instrumentklaverinstrument
Verka somProdusent, arrangør, musikar

Rob Mounsey (fødd 2. desember 1952) er ein amerikansk komponist, musikkprodusent og musikar.[1]

Han var fødd i Berea i Ohio i USA, og voks opp i Seattle og fleire byar i Ohio. 17 år gammal fekk han BMI sin studentpris for orkesterverket Ilium, New York, Is Divided Into Three Parts. Han gjekk på Berklee College of Music i Boston frå 1971 til 1975. I 1976 flytta han til New York og gjorde seg merka som studiomusikar, arrangør og produsent for ei rekkje kjende artistar, som Rihanna, Aaron Neville, Michael Franks, Carly Simon, Natalie Cole, Diana Krall, Steely Dan, Paul Simon, James Taylor, Chaka Khan, Eric Clapton, Madonna, Diana Ross, Donald Fagen, Brian Wilson, Aztec Camera og mange andre. I 1981 spelte han klaverinstrument på Simon and Garfunkel sin Concert In The Park.

I 1985 spelte han klaverinstrument i eit New-York-basert band kalla Joe Cool med Will Lee, Jeff Mironov og Christopher Parker. Dei gav ut eitt album, Party Animals, på Pony/Canyon i Japan, etterfølgd av ein japansk turné. Mounsey gav òg ut tre soloalbum som plateartist: Dig (Sona Gaia, 1990) og to album på sitt eige Monkeyville-selskap, Back in the Pool og Mango Theory. Mounsey turerte som musikalsk leiar og pianist for Idina Menzel på turneen hennar Pops Symphony.

Han har skrive mykje musikk for film og fjernsyn, mellom anna Mike Nichols-filmen filmen Working Girl frå 1988 (med Carly Simon), Bright Lights, Big City (med Donald Fagen) og HBO-serien Sex and the City.[1] Mounsey skreiv òg to tema for fjernsynsserien Guiding Light. Han har vore nominert til Grammyprisen seks gonger og har vunne to Emmyprisar.[1]

Utvald arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Robmounseymusikk». Robmounsey.com. Arkivert frå originalen 22. januar 2015. Henta 30. august 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]