Rob Stoner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rob Stoner
Fødd1948
FødestadManhattan i New York City
FødenamnRobert David Rothstein
OpphavUSA
Instrumentbassgitar
Verka somMultiinstrumentalist

Robert David Rothstein (fødd 20. april 1948), betre kjend som Rob Stoner, er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist.[1][2][3]

Stoner starta karrieren sin med forskjellige artistar i New York City, og spelte mellom anna på Don McLean-songen «American Pie». I 1973 byrja han ein solokarriere. I 1975 fekk han jobben som bandleiar og bassist i bandet til Bob Dylan, og spelte med Dylan på Rolling Thunder Revue-turneen. Han song og spelte på fleire Dylan-innspelingar.

Etter Dylan spelte han med ei rekkje andre artistar som Chris Spedding, Link Wray, Robert Gordon, Chuck Berry og Joni Mitchell.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1980 – Patriotic Duty – MCA Records – (MCA-5118)
  • 1983 – If You Want It Enough – Sun Records – (Sun 1031)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Dave (1. august 2011). Dancing Barefoot: The Patti Smith Story. Chicago Review Press. s. 114–. ISBN 978-1-56976-325-4. Henta 29. november 2018. 
  2. Sweet, Brian. Steely Dan: Reelin' In the Years. Music Sales Group. s. 264–. ISBN 978-0-85712-018-2. Henta 29. november 2018. 
  3. Baez, Joan (21. juli 2009). And a Voice to Sing With: A Memoir. Simon and Schuster. s. 238–. ISBN 978-1-4391-6964-3. Henta 29. november 2018.