Rob Tyner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rob Tyner
Fødd12. desember 1944(1944-12-12)
FødestadDetroit
Død18. september 1991 (46 år)
DødsstadBerkley
FødenamnRobert Derminer
OpphavUSA
SjangerProtopunk, hardrock
InstrumentVokal, bass
Tilknytte artistarMC5
PlateselskapElektra Records
Verka somsongar, musikar

Robert W. Derminer (12. desember 194418. september 1991), kjend som Rob Tyner, var ein USA-amerikansk musikarar, mest kjend som songar i proto-punkbandet MC5 frå Detroit. Han tok scenenamnet sitt etter jazzpianisten McCoy Tyner. Det var Tyner som ropte «kick out the jams, motherfuckers» på konsertane til MC5, noko som skapte kontroversar då opptak av det kom ut på plate. Tyner byrja opphavleg i bandet som bassist, men bandet forstod at han passa betre som solovokalist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tyner vart med i det som kom til å bli MC5 i 1964. Han prøvespelte som bassist, men vart etter kort tid flytta over til solovokal. Han vart verande med bandet til dei vart oppløyst i 1972.

I 1977 samarbeidde Tyner med Eddie & the Hot Rods på ein singel og ein turné i Storbritannia. Samstundes starta han «The New MC5» i USA, som seinare skifta namn til Rob Tyner Band og la grunnlaget for «Rob Tyner & the National Rock Group», som aldri gav ut nokre innspelingar.

17. september 1991 døydde Tyner av eit hjarteattak i setet på den parkerte bilen sin i heimbyen Berkley i Michigan. Han vart teken til Beaumont Hospital i Royal Oak, der han døydde, og etterlet kona Becky og tre barn.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

MC5[endre | endre wikiteksten]

Album

Robin Tyner & The Hot Rods[endre | endre wikiteksten]

  • «Till the Night Is Gone (Let's Rock) / Flipside Rock» (1977)

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Blood Brothers (1990)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]