Robb Royer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robb Royer
Fødd6. desember 1942 (77 år)
FødestadLos Angeles i USA
FødenamnRobert Wilson Royer
OpphavUSA
Aktiv1964 til i dag
SjangerPop, rock, softrock, country
Instrumentvokal, gitar, bassgitar, klaverinstrument, altsaksofon, sopransaksofon, fløyte, perkusjon
Tilknytte artistarThe Pleasure Fair, Bread, Jimmy Griffin, Toast/Radio Dixie
PlateselskapUni, Elektra
Verka somLåtskrivar, musikar, manusforfattar

Robert Wilson «Robb» Royer (fødd 6. desember 1942)[1] er ein USA-amerikansk musikar som var bassist, gitarist, klaverspelar og låtskrivar med Bread frå 1968 til 1971. Medan han var i bandet gav bandet ut hitsingelen «Make It With You». Han vart erstatta av Larry Knechtel i 1971.

I 1970 skreiv Royer og Jimmy Griffin, med pseudonyma Robb Wilson og Arthur James, tekst til «For All We Know» som vart nytta i filmen Lovers and Other Strangers. Denne vann Oscarprisen for årets song det året.

Før han var med å starte Bread, hadde Royer spelt i bandet The Pleasure Fair.

Royer har sidan skrive musikk for artistar som Jimmy Griffin, The Remingtons, Mary Chapin Carpenter, John Michael Montgomery, Randy Travis, Billy Burnette, The Finnigan Brothers (Mike Finnigan) og andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Robb Royer Interview». Insearchofabrother.com. Henta 21. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]