Robert A. Robinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert A. Robinson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. november 1927
Død

4. januar 1996 (68 år)

Yrke fotograf

Robert A. Robinson (15. november 19274. januar 1996) var ein amerikansk fotograf som arbeidde i Noreg på 1950- og 1960-talet.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Robinson var fødd i Esparto i Woodland i California. Frå 1945 til 1948 tenestegjorde han i den amerikanske marinen i den asiatiske delen av Stillehavet. Skipet var tidvis stasjonert i Shanghai.

Frå 1948 til 1951 arbeidde Robinson i mørkerommet for ein kommersiell fotograf i heimbyen. Han var fotojournalist i lokalavisa The Woodland Democrat og sjefsfotograf hos Eureka Newspapers Inc.

1951–1952 studerte Robert A. Robinson fotografi ved Art Center College i Los Angeles. I 1952 reiste han på sommarferie til Noreg med ein norsk medstudent. Opphaldet skulle vare i to månader, men han vart i Noreg i 13 år. Dei første åra reiste han mykje rundt, mellom anna på Vestlandet og nordover med Hurtigruta. Han fekk etter kvart base i Bergen kor han budde fram til om lag 1960. Han fotograferte ein del til reklame og litt til Bergens Tidende.

I 1953 tok Robinson kontakt med Eide forlag med ønskje om å gje ut ei bok. Boks Captured by the Norwegians kom ut på forlaget i 1958.

I 1954 heldt han utstilling i biblioteket i Oslo Bymuseum og i Permanenten i Bergen. Same året vann han prisar for fem bilete frå Noreg i det amerikanske bladet Popular Photography. I 1956 vann han prisar i same bladet for to bilete frå det norske fisket, og i 1957 vann han også pris for eit bilete av komponisten Harald Sæverud.

I 1955 drog Robinson til Berlin for å ta bilete av austtyske Sylvia Becker som skulle på «ferie» til Noreg for å bli frisk. Biletreportasjen om henne blei ein av fleire menneskeleg engasjerte fotoseriar i svart-kvitt som kom ut i Aktuell mellom 1962 og 1965. I 1963 laga Robinson eit tv-program om Sylvia for NRK, som sidan vart vist både på BBC i England og PBS i USA.

Robinson skipa den fotografiske elitegruppa «Gruppen» i Bergen i 1957, i lag med Åge Fermann og Bertel Christensen. I 1961 skipa han gruppa Scan Features i lag med Åge Fermann og Arild Kristo (Kristoffersen) i Oslo.

Robinsondanna biletbyrået Manité i 1962 lag med fotografane Dan Young og Arild Kristo, inspirert av det kjende internasjonale biletbyrået Magnum. I 1965 flytta han til London for å opne ei avdeling av Manité der.

I 1972 gjekk Robinson over til å arbeide med antikvitetar. Han budde i Portugal 1982–1988 og i California 1988–1996.

I 1995 blei utstillinga Captured arrangert på Henie Onstad Kunstsenter i regi av Dan Young. 4. januar 1996 døydde Robinson av hjerteinfarkt heime hjå Dan Young på Bekkestua i Bærum. Dette året blei Captured-utstillinga blei vist i Galleri Bouhlou i Bergen. I 1998 blei utstillinga Manité arrangert på Museet for samtidskunst. I 2010 kom Captured by the Norwegians eller Tatt av Norge ut på nytt av Flamme forlag og Aki Books.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ingrid Norum i Bjørn Fjellheim (red.), Gripen av havfolket, Florø, 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Trykt stoff

  • Dan Young, Captured, Oslo, 1995.
  • Ingrid Norum, Captured by the Norwegians av Robert A. Robinson, 1958 - En studie av det fotografiske og det norske, Hovudoppgåve i kunsthistorie hausten 1999, Avdeling for kunsthistorie, Universitetet i Oslo
  • Ingrid Norum, "Kåre Kivijärvi og Robert A. Robinson. Fotografier fra 1950- og 1960-tallets Nord-Norge", i Anne Aaserud (red.), Nordnorske bilder og bildet av Nord-Norge, Tromsø, 2002, s. 121-135.
  • Bjørn Fjellheim(red.) og Ingrid Norum, Gripen av havfolket. Den amerikanske fotografen Robert A. Robinson i Sogn og Fjordane, Brenning nr.2, Florø, 2010.

Lenkjer