Robert Alexander Hillingford
Robert Alexander Hillingford | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 28. januar 1828, 1825 London |
Død |
1904 (76 år) |
Yrke | kunstmålar |
Robert Alexander Hillingford på Commons |
Robert Alexander Hillingford (28. januar 1828–1904) var ein engelsk målar. Han spesialiserte seg i historiske måleri, ofte slagscenar.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Hillingford vart fødd i London i 1828 og studerte på Kunstakademie Düsseldorf i fem år frå 1841. Han er tilknytt Düsseldorf-skulen. Derfrå drog han til München, Roma, Firenze og Napoli, der han blei gift og arbeidde i fleire år. Han målte folkelivsmotiv frå Italia. Eit måleri frå denne perioden med tittelen The Last Evening of the Carnival blei stilt ut i St. Petersburg i 1859. Han vende tilbake til London i 1864,[1] og stilte ut første gangen på Royal Academy i 1866. På dette tidspunktet byrja han å måla historiske maleri, særleg av Napoleonskrigane. Han stilte ut regelmessig på Royal Academy, British Institusjon og andre galleri. Sjølv om han var tiltrekt av kostymestykke som An incident in the early life of Louis XIV og During the wanderings of Charles Edward Stuart, måla han òg samtidige militære scenar, som måleria South Africa og The Dawn of Peace frå 1901.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- The Duchess of Richmond's Ball (1870-talet – Goodwood House)[2]
- Yet Still a King (1888 – Kelvingrove Art Gallery and Museum)
- Hurry up the Guns: Wellington driving the French out of Spain and into France (Queen's Royal Lancers)
- The Escape of Joseph Bonaparte, King of Spain with British troopers charging (Queen's Royal Lancers)
- Surrender: The capture of General Lefebre Desnouettes at the Ford of the Elsa at Benavente, 1809, by Pte. Luke Guisdall, 10th Hussars (Royal Hussars)
- The Duke of Marlborough saving the day at Ramillies (Queen's Royal Lancers)
- Ramillies, 23 May 1706: capture of the standards and kettledrums by the Queen's Regiment of Horse (Royal Dragoon Guards)
- The Defence of Hougoumont
- After Waterloo: The English Army halting upon what had been the French position... (1889 – Institute of Directors)
- Napoleon's peril at Brienne-le-Chateau (1891)
- The Morning of Waterloo (1896)
- Summoned to Waterloo: Brussels, dawn of June 16, 1815 (1898)
- Battle of Balaclava, Charge of the Light Brigade (1899)
- Sebastopol: the attack on the Redan (1899)
- Death of Sir Richard Granville, captain of the Revenge, on board the Spanish Flagship San Pablo after the Battle of Flores (1899 – Victoria Art Gallery, Bath)
- Charge of the Light Brigade (1899)
- The Scots Greys among the French Guns at Waterloo (1899 – Royal Scots Dragoon Guards)
- A critical moment at Quatre Bras (1900)
- The flight of the French through the town of Vittoria: Peninsular War (1900)
- South Africa, 1901: The Dawn of Peace. (1901)
- George II at Dettingen (1902)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Champlin & Perkins 1913, s. 260,261.
- ↑ Baird 2007, s. 157.
- Bibliografi
- Champlin, John Deniso; Perkins, Charles C., (red.) (1913). Hillingford, Robert Alexander. Cyclopedia of painters and paintings. New York: C. Scribner's sons. s. 260,261.
- Baird, Rosemary (2007). Goodwood: Art and Architecture, Sport and Family. Frances lincoln. s. 157. ISBN 0-7112-2769-1.
- Robert Hillingford at military-til prent.com
- Denne artikkelen bygger på «Robert Alexander Hillingford» frå Wikipedia på dansk, den 4. desember 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Harrington, Peter. (1993). British Artists and War: The Face of Battle in Paintings and Prints, 1700-1914. London: Greenhill. ISBN 1-85367-157-6
- Roe, F. Gordon, "The Hillingford Sage", Connoisseur, Vol. 190, No. 763, September 1975, s. 50–55.