Robert Andrews Millikan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert A. Millikan

Fødd22. mars 1868
Morrison, Illinois, USA
Død19. desember 1953 (85 år)
San Marino, California, USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Chicago
California Institute of Technology
Alma materOberlin College
Columbia University
DoktorgradsrettleiarAlbert Abraham Michelson
Ogden Rood
Kjend forLadning av elektronet
Avantert kosmisk strålingsfysikk
EktefelleGreta Millikan
BarnClark Blanchard Millikan, Glenn Allan Millikan, Max Millikan
MedlemDet sovjetiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
Det pavelege vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society
National Academy of Sciences

Robert Andrews Millikan (22. mars 186819. desember 1953) var ein amerikansk fysikar.

Millikan vart utdanna i Maquoketa i Iowa i Oberlin College i Ohio, og ved Columbia University, der han tok doktorgrad i 1895. Frå 1896 til 1921 var han knytt til universitetet i Chicago, og dei siste elleve åra var han professor i fysikk, frå 1921 var han direktør for Norman Bridge Laboratory og president for California Institute of Technology i Pasadena. Millikan viste ved nøyaktige målingar at den fotoelektriske lova til Albert Einstein stemmer med eksperimenta. Han fekk Nobelprisen i fysikk i 1923 for desse målingane og for målingane av ladninga til elektronet.

Mest kjend er han for oljedropeforsøket sitt til måling av ladningena til elektronet der han avgjorde den mikroskopiske rørsla av ein ladd oljedrope i eit elektrisk felt. Av farten og feltstyrken kan ladninga reknast ut. Han viser seg alltid å vere ei heil mengd elektriske elementærladningar.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Robert Andrews Millikan