Robert Burås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Burås opptrer på ein konsert i 2005.

Robert Solli Burås (12. august 197512. juli 2007), også kjend som Bobby Cagehill, var ein norsk rockegitarist og låtskrivar frå Vassdalen i Bjerkvik i Nordland. Han var mest kjend som gitarist i Madrugada og som frontfigur, gitarist og vokalist i My Midnight Creeps.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Burås starta å spela gitar som elleve-åring. [1] Han overtok som gitarist i Madrugada i 1996 etter Marius Almås Johansen. Dette var allereie før gruppa hadde gjeve ut sin fyrste EP. Han var med i Madrugada i til saman 12 år, var med på å gje ut fem plater, fleire EP-ar og singlar, og vann fem Spellemannprisar med gruppa.

I 2003 skipa han bandet My Midnight Creeps saman med gitaristen Alex Kloster-Jensen. Med dei gav han ut to cd-ar (2003 og 2005) og vann både Spellemannprisen 2007 og Alarmprisen for same året. Han var også gitarist i musikkgruppa Savoy ein kort periode i 2004. [2]

Dødsfall og gravferd[endre | endre wikiteksten]

Den 12. juli 2007 vart Burås funnen død med gitaren i handa i bustaden sin i Oslo. Det var ingenting mistenkjeleg ved dødsfallet, ifylgje politiet. [3] My Midnight Creeps hadde mange konsertar på denne tida. Dei spelte på Hovefestivalen to veker før dødsfallet, og skulle ha spelt på Stavernfestivalen og på Slottsfjellfestivalen i Tønsberg i juli. [4] Han vart bisett den 19. juli i Sofienberg kyrkje, der Sivert Høyem leidde eit stort kor til minne om Burås.

Minnebenken for Robert Burås.

Urna vart lagt ned i heimbygda Bjerkvik, ifylgje Dagbladet. Ein minnebenk vart seinare sett opp for Robert Burås i ein park på Grünerløkka i Oslo, der Burås ofte oppheldt seg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]