Robert G. Elliott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert G. Elliott
Statsborgarskap USA
Fødd 27. januar 1874
Monroe County
Død

10. oktober 1939 (65 år)

Yrke bøddel

Robert G. Elliott (27. januar 187410. oktober 1939) var ein amerikansk bøddel, eller State Electrican, som var den offisielle tittelen. Han tenestegjorde i Staten New York og nabostatar frå 1926 til 1939, og skal ha utført 387 avrettingar med elektrisk stol. Av dei meir kjende han måtte avrette var Sacco og Vanzetti, Ruth Snyder og Bruno Hauptmann.

Elliott meinte at ein under avrettinga måtte veksle mellom ulike nivå i den elektriske spenninga. Vanlegvis nytta han 8 ampere straumstyrke, og gav den dødsdømte fyrst ein støyt i tre sekund med ei spenning på 2000 volt, deretter 500 volt i resten av minuttet, auka til 2000 volt att i tre sekund og senka til 500 volt i resten av dette minuttet, for til sist å gje ein støyt på 2000 volt i nokre få sekund før han slo av straumen. Føremålet med denne vekslinga var å gjere den dødsdømte medvitslaus ved hjelp av den høge spenninga, medan den lågare spenninga skulle varme opp dei vitale organa i kroppen så mykje at dei stogga å fungere, og livet ebba ut. Vekslinga mellom høg og låg spenning skulle òg påverke hjarterytmen og få hjartet til å stogge.

Sjølv var Elliott heilt mot dødsstraff, og skreiv «Vona mi er at den dagen ikkje er langt unna då lovleg dreping, anten det er med elektrisk støyt, henging, giftgass eller andre metodar, er forbode i heile USA.» i sjølvbiografien sin, Agent of Death.[1]

Elliott var tilsett som ordinær elektrikar i fengselet, men fekk eit salær på 150 dollar for kvar avretting.

Etter avrettinga av Sacco og Vanzetti vart han utsett for eit attentat ved at ukjende sprengte huset hans. Ei tid hadde han livvakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gonnerman, Jennifer (18. januar 2005). «The Last Executioner». The Village Voice. Henta 13. november 2014.