Robert Kranjec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Kranjec
Robert Kranjec Holmenkollen 2012.jpg
Fødd 16. juli 1981
Kranj
Yrke skihoppar
Robert Kranjec på Commons
Robert Kranjec i 2014

Robert Kranjec (fødd 16. juli 1981) er ein slovensk skihoppar frå Kranj. Han er særleg kjend som ein dyktig skiflygar og vart verdsmeister under VM i skiflyging i Vikersund den 25. februar 2012. Kranjec har og vunne ein OL-bronse, 2002, ein VM-bronse, 2011, samt ein bronse i VM i skiflyging 2012, alle saman i laghopping for Slovenia.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kranjec debuterte i verdscupen i skihopping i mars 1998. Sidan 2002-sesongen har han dei fleste sesongane kunna måle seg mot dei beste skihopparane i verda. Saman med Primož Peterka, Peter Žonta og Damjan Fras tok han bronse for Slovenia i laghoppinga under Vinter-OL i Salt Lake City i 2002. Hans beste individuelle resultat i VM på ski og i nordiske greiner under vinter-olympiadar er sjetteplassen i storbakken i Val di Fiemme i 2003, og same plasseringa i normalbakken under OL 2010 i Vancouver. Han var ankermann på laget som tok bronse i lagkonkurransen i stor bakke i Ski-VM i Holmenkollen 2011.

Under verdsmeisterskapen i skiflyging 2012 i Vikersundbakken sette han personleg rekord med 244 meter i andre omgangen og vart verdsmeister med 408,7 poeng, tre poeng føre norske Rune Velta.

Frå mars 2002 til januar 2013 har Kranjec fjorten pallplasseringar (4-3-7) i verdscupen, heile ni av dei i skiflygingsbakkar. Hans beste samanlagtplassering i verdscupen kom i 2012-sesongen, han enda då på niandeplassen.

Verdcupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
26. november 2005 Kuusamo Finland
9. januar 2010 Bad Mitterndorf Austerrike
15. januar 2012 Bad Mitterndorf Austerrike
16. mars 2012 Planica Slovenia

Dessutan var han i februar 2012 og i januar 2013 med på Slovenias firemannslag som sigra i laghopping i verdscuprenn i høvesvis Oberstdorf og Zakopane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]