Robert Nix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Nix
Fødd8. november 1944(1944-11-08)
FødestadBlakely i Georgia
Død20. mai 2012 (67 år)
DødsstadMemphis i Tennessee
InstrumentTrommer
Verka somTrommeslagar, låtskrivar

Robert Nix (8. november 194420. mai 2012) var ein USA-amerikansk trommeslagar, mest kjend som opphavleg medlem av bandet Atlanta Rhythm Section (ARS) der han var frå 1971 til 1979. Han skreiv fleire av songane deira, som hitane «So Into You» og «Imaginary Lover».

Nix voks opp i Jacksonville i Florida. Han byrja som musikar i bandet til Roy Orbison, The Candymen, og var med på innspelingar med artistar som The Classics IV, Lynyrd Skynyrd og Al Kooper. Nix skreiv òg fleire songar for andre songarar, som Billy Joe Royal sin «Cherry Hill Park» og B.J. Thomas sin «Mighty Clouds of Joy».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]