Robert Nozick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Nozick

Fødd16. november 1938
Brooklyn
Død23. januar 2002
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetUSA
Yrkefilosof, universitetslærar, statsvitar
InstitusjonarHarvard University
Alma materPrinceton University
Columbia University
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Robert Nozick (16. november 193823. januar 2002) var ein amerikansk filosof og statsvitar. Han utdanna seg ved Columbia og Princeton University og arbeida som professor ved Harvard frå 1969. Nozick er mest kjend for boka Anarchy, State, and Utopia (1974), som han vann National Book Award for.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Nozick vart fødd i Brooklyn den 16. november 1938 av Max Nozick, ein jødisk entreprenør som hadde utvandra frå Russland, og Sophie Cohen Nozick.[1][2] Som ung gut gjekk han stolt rundt i gatene med ei utgåve av Platon si bok Staten, sjølv om han «berre hadde lese delar av han og forstod endå mindre».[1][3]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Nozick byrja med å taka utdanninga si ved universitetet i Columbia, og var medlem av Norman Thomas' Socialist Party of America. Nozick grunnla i tillegg ei lokalavdeling av «Student League for Industrial Democracy» ved Columbia.[4] Etter å ha teke ein bachelor ved Columbia i 1959, studerte han ved universitetet i Princeton, der han tok ei mastergrad i 1961.[5] I 1963 tok han ein doktorgrad i filosofi med avhandlinga The Normative Theory of Individual Choice.[6] Etter to år som fyrsteamanuensis ved Princeton underviste Nozick ved Harvard og universitetet i Rockefeller i New York.[1] I 1969, i ein alder av 30 år, vart han professor ved Harvard, der var han resten av karrieren sin.[7] I 1998 vart han utnemnd til «University Professor».[4]

Nozick gifta seg i 1959 med Barbara Fierer, som han fekk ein son og ei dotter med.[3][4] I 1981 skilde dei lag. I 1987 gifta han seg med diktaren Gjertrud Schanckenberg.[4][1] Nozick døydde av magekreft den 23. januar 2002 i Cambridge i Massachusetts.[1]

Politisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Nozick var minarkist og ein forsvarar av høgre-libertarianisme.[8] I 1974 gav han ut boka Anarchy, State and Utopia, der han tok til orde for ein minimalstat.[9] Nozick sin politiske filosofi er basert på den deontologiske tankegangen.

Minimalstaten[endre | endre wikiteksten]

Nozick meinte ein rettferdig stat berre kunne vera ein minimalstat som korgje var paternalistisk (forbyda handlingar som kan harma ein sjølv) eller moralistisk (kritisera eller straffa dei som bryt dei paternalistiske lovene). Staten skulle vera rettstatleg, men som var avgrensa til å berre verna og respektera dei naturlege rettane til individa i samfunnet, som å handheva og verna retten til ein kvar sin fridom, kontraktsfridom og eigendom. Oppgåva til staten om å verna borgarane frå ytre fiendar og for kvarandre kravde ikkje meir enn eit politi, rettsstell og militærvesen. Han meinte ein meir omfangsrik stat enn minimalstaten ikkje kunne eksistera utan å bryta rettane til individa.[10] Nozick ville dimed meint at velferdsstatar, som Noreg, krenkjer borgarane sine naturlege rettar. Staten har ikkje ein rett til å tvinga borgarane til å handla på visse måtar ved å avgrensa borgarane sine naturlege rettar. Nozick meinte at borgarane hadde ein moralsk plikt til å hjelpa menneske som ikkje kunne livnæra seg sjølve, men at ingen kunne tvinga dei til å gjera det. Borgarene kan dimed ikkje tvingast av staten til å betala skatt, dette er noko borgarane må sjølv vera viljuge til å gjera. Minimalstaten skal vera eit rammeverk der borgarane sjølv vel korleis dei vil leva sitt liv i staten.[11] Dersom nokre ynskjer å oppretta eit sosialistisk, kommunistisk, teokratisk eller rasistisk samfunn inn i minimalstaten, er dette tillate så framt at alle medlemmene i samfunnet er basert på friviljugheit. I ein minimalstat kan individ fritt organisera sine samfunn som dei sjølv måtte ynskja, men det er ikkje tillate å tvinga nokre til å vera ein del av noko utan samtykket deira.

Menneske[endre | endre wikiteksten]

Nozick var inspirert av Kant sin idé om humanitetsprinisippet. Menneske er mål i seg sjølve, og kan ikkje utelukkande nyttast som middel for å oppnå andre sine mål – det må gjera andre sine mål til sine eigne og samtykkja for at det skal vera tillate for andre å nytta dei.[11] Det er difor grenser for korleis andre kan behandla andre menneske, då kvart menneske er mål i seg sjølve. Menneske har ein spesiell status av å vera tenkjande individ, som gjer at andre må respektera eins rettar. Dersom ein nyttar ein person utan hans samtykke krenkjer ein hans naturlege rettar.

Ein må respektera at andre har sine eigne mål og val. Alle menneske sine liv er individualiserte, og har ulike oppfatningar om kva som er viktig i livet. Menneske sine rettar reflekterer eins evne til å forma sitt liv, og gjeva det meining igjennom å laga eigne mål og taka ansvar for sitt eige liv. Ein person har lov til gjera kva han vil uavhengig av konsekvensane, så framt det ikkje går utover andre personar. Det er ikkje tillate å krenkja ein person sine rettar, sjølv om det ville føra til eit negativt utfall for personen som utfører handlinga. Kvar person har sitt liv med sine prosjekt, det er difor ikkje tillate til dømes å krevja skatt, då ein dimed nyttar andre berre som middel til kollektive prosjekt som dei ikkje sjølv har samtykkja til. Nozick meiner det å krevja skatt er å behandla menneske berre som ressursar, og at staten pålegg borgarane tvangsarbeid, og «stel» pengane dei sjølv har arbeida for.

Rettar[endre | endre wikiteksten]

Ein rett utgjer dei moralske grensene for kva som er tillate for andre å behandla ein person. Ein person sine rettar er absolutte så fram det ikkje krenkjer andre sine rettar. Det er ikkje tillate å krenkja ein person sine rettar, sjølv om eit anna utfall ville ført til betre konsekvensar. Til dømes vil det vera umoralsk å nekta nokon om å ikkje taka ei vaksine. Nozick forsvarar berre negative rettar, som inneber rettar til at andre ikkje blandar seg inn i eins liv. Han baserer seg på John Locke sin tanke om dei naturlege rettane menneske har:

  • fridom: retten ein person har til å leva sitt liv utan hindringar frå andre,
  • eigedom: retten ein person har til å eiga eigendelar og bestemma korleis tinga sine kan nyttast og disponerast av andre,
  • eige seg sjølv: retten ein person har til å bestemma korleis andre kan behandla og nytta han. Ein eig seg sjølv, eins kognitive og fysiske evner, drivkraft og «fruktene av eins arbeid».
  • sjølvforsvar: retten ein person har til å forsvara seg sjølv dersom det er til fare for eins liv eller eigendom.

Nozick var kritisk til tanken Rawls hadde om evnene menneske vart født med. Nozick meinte at menneske sine medfødte evner og ferdigheiter ikkje hindra dei i å utvikla seg sjølve.

Rettferdsteorien[endre | endre wikiteksten]

Nozick hevda at den økonomiske distribusjonen som var eit resultat av den frie marknaden var rettferdig, så lenge ingen rettar vart brotne i prosessen som resulterte til denne fordelinga. Nozick meinte det fanst tre rettferdsprinsipp:

  1. rettferdig opphavleg tileigning: ein har retten til ikkje-eigde område som ein har arbeida med sjølv (ikkje særs viktig prinsipp lengre),
  2. rettferdig tileigning gjennom transaksjonar: så lenge ein transaksjon er friviljug, er partane plikta til å fylgja vilkåra i kontrakten,
  3. rettferdig vederlag: ein har retten til kompensasjon dersom andre øydelegg eller stel dine godar.

Nozick visste at friviljuge transaksjonar ville de facto føra til radikal ulikskap, likevel var denne ulikskapen rettferdig, då han var gjord friviljug. All tvungen omfordeling av økonomiske middel, som Cohen og Rawls forsvara, meinte Nozick var illegitimt, då det braut med retten til eigendom og ettersom borgarane ikkje samtykkja til forfordelinga. Cohen og Rawls ville derimot meint at det var absolutt nødvendig for å oppnå eit rettferdig samfunn.

Wilt Chamberlain-argumentet[endre | endre wikiteksten]

Nozick kritiserte dei mønstra rettferdsteoriane, som teoriane til høvesvis Rawls og Cohen. Differanseprinsippet til Rawls gjekk ut på å berre tillata ulikskap som fremja dei dårlegast stilte i samfunnet. Likskapsprinsippet til Cohen handla om å eliminera uflaks, og kompensera dei med få talent og evner. Nozick nytta Wilt Chamberlain-argumentet for å stilla spørsmål ved Rawls og Cohen sin teori: Eikvar fordeling av godar som er rettferdig ifylgje ein mønsterteori kan endrast ved friviljuge transaksjonar. Ifylgje mønsterteoriane vil den nye fordelinga vera urettferdig og måtte endrast, men dersom den fyrste fordelinga var rettferdig, og transaksjonane som endra ho òg var rettferdige, korleis kunne den nye fordelinga vera urettferdig stilte Nozick spørsmålsteikn ved.[12] Han konkluderte med at mønsterteoriane til Rawls og Cohen var ein systematisk og konstant krenking av retten til eigendom dersom fordelinga var friviljug.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Boka til Nozick vekte åtgaum innanfor politisk filosofi, og dei som ynskte å grunngjeva ein meir aktiv stat måtte no taka omsyn til argumenta til Nozick. Mellom anna tok John Rawls eit oppgjer med Nozick sine argument i boka Political liberalism (1991). Nozick var klår over at den filosofiske grunngjevinga for minimumsstaten hans hadde manglar, og lova allereie i Anarchy, State and Utopia at han ville publisera eit sterkare forsvar seinare. Dette vart aldri gjort, og Nozick innrømte i boka The examined life (1989) at han hadde gitt opp denne målsetjinga, og at han ikkje lenger forfekta libertarianisme. I staden valde Nozick å bruka den siste delen av karrieren sin på å skriva om livsfilosofi (The Examined Life, 1989) og epistemologi (The Nature of Rationality, 1993; Socratic puzzles, 1997).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 O'Grady 2002
  2. «Robert Nozick | American philosopher | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 30. oktober 2022 
  3. 3,0 3,1 Telegraph 2002
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Ryan 2002
  5. Svendsen, Lars Fredrik Händler (9. juli 2021). «Robert Nozick». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Lacey 2002
  7. Mosfjell 2002
  8. Nozick, Robert: Political Philosophy | Internet Encyclopedia of Philosophy (på engelsk), henta 30. oktober 2022 
  9. Haworth 2004
  10. Francis & Francis 1976
  11. 11,0 11,1 «Nozick, Robert - forfatterskapet», Civita (på norsk bokmål), henta 13. november 2022 
  12. «Robert Nozick - The entitlement theory of justice | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 13. november 2022 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Cohen, Gerald A. (1995). Self-ownership, Freedom, and Equality. Cambridge: Cambridge UP. ISBN 0-521-47174-5.
  • Francis, Leslie P. & Francis, John G. (1976). «Nozick's Theory of Rights: A Critical Assessment». The Western Political Quarterly, bd. 29, nr. 4: 634–44. JSTOR 448145 JSTOR 448145, doi:10.1177/106591297602900414.
  • Wolff, Jonathan (1991). Robert Nozick: Property, Justice, and the Minimal State. Stanford, California: Stanford UP. ISBN 0-8047-1856-3.
  • Schmidtz, David, red. (2002). Robert Nozick. Cambridge: Cambridge UP. Fulltekst. ISBN 978-0-5210-0671-2 . Kapittel:
    • Schmidtz, David (2002). «Introductions», s. 1–9
    • Miller, David (2002). «The Justification of Political Authority», s. 10–33
    • Sanders, John T. (2002). «Projects and Property», s. 34–58
    • Lomasky, Loren E. (2002). «Nozick's Libertarian Utopia», s. 59–82
    • Pettit, Philip (2002). «Non-Consequentialism and Political Philosophy», s. 83–104
    • Gaus, Gerald F. (2002). «Goals, Symbols, Principles: Nozick on Practical Rationality», s. 105–30
    • Williams, Michael (2002). «Nozick on Knowledge and Skepticism», s. 131–54
    • Bratman, Michael E. (2002). «Nozick on Free Will», s. 155–74
    • Millgram, Elijah (2002). «How to Make Something of Yourself», s. 175–98
    • Schmidtz, David (2002). «The Meanings of Life», s. 199–216

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Robert Nozick
Commons har multimedium som gjeld: Robert Nozick
Leksikonartiklar
  • Feser, Edward (21. mai 2003). «Robert Nozick (1938—2002)». Internet Encyclopedia of Philosophy. Oppdatert 4. mai 2005 Henta 18. juni 2011.
  • Haworth, Alan (2004). «Robert Nozick». I: Baggini, Julian & Stangroom, Jeremy (red.) Great Thinkers A–Z. London: Continuum. ISBN 9780826473264.
  • Lacey, Alan R. (2002) [1996]. «Nozick, Robert». I: Brown, Stuart; Collinson, Diane & Wilkinson, Robert (red.) Biographical Dictionary of 20th Century Philosophers. London: Routledge. ISBN 0415286050.
  • Luper, Steven (1999). «Nozick, Robert (1938 - )». I: Audi, Robert (red.) The Cambridge Dictionary of Philosophy. Cambridge: Cambridge UP, 2. utg. ISBN 978-0521631365.
  • Jente, Jon (2007). «Nozick, Robert». I: Political Philosophy A–Z. Edinburgh: Edinburgh UP. ISBN 780748622702.
  • Svendsen, Lars (2009). «Robert Nozick». I: Godal, Anne Marit (red.) Store norske leksikon. Henta 18. juni 2011.
Nekrologar
Nettpubliseringar

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Barber, Benjamin R. (1977). «Deconstituting Politics: Robert Nozick and Philosophical Reductionism». The Journal of Politics, bd. 39, nr. 1: 2–23. JSTOR 2129684.
  • Cohen, Gerald A. (1977). «Robert Nozick and Wilt Chamberlain: How patterns preserve liberty». Erkenntnis, bd. 11, nr. 1: 5–23, doi:10.1007/BF00169842.
  • Danly, John R. (1979). «Robert Nozick and the Libertarian Paradox». Mind, bd. 88, nr. 351: 419–23. JSTOR 2253146.
  • Feser, Edward (2003). On Nozick. Toronto: Wadsworth. ISBN 978-0534252335.
  • Fisk, Milton (1980). «Property and the State: A Discussion of Robert Nozick's Anarchy, State, and Utopia». Noûs, bd. 14, nr. 1: 99–108. JSTOR 2214897.
  • Hailwood, Simon A. (1996). Exploring Nozick: Beyond Anarchy, State and Utopia. Aldershot: Avebury. ISBN 978-1859724859.
  • Herbjørnsrud, Dag (2002). Leaving Libertarianism: Social Ties in Robert Nozick's New Philosophy. Oslo: Universitetet i Oslo.
  • Lacey, Alan R. (2001). Robert Nozick. Princeton: Princeton UP. ISBN 978-0691090450.
  • Paul, Ellen F.; Miller, Fred D. Jr. & Paul, Jeffrey (red.) (2005). Natural Rights Liberalism from Locke to Nozick. Cambridge: Cambridge UP. ISBN 0-521-61514-3.
  • Paul, Jeffrey (red.) (1981). Reading Nozick: Essays on Anarchy, State, and Utopia. Oxford: Basil Blackwell. ISBN 0-631-12978-2.