Hopp til innhald

Robert Rauschenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Rauschenberg

PseudonymRauschenbe
StatsborgarskapTyskland, USA
Fødd22. oktober 1925
Port Arthur i Texas
Død

12. mai 2008 (82 år)
Captiva

Yrkefotograf, kunstmålar, bilethoggar, koreograf, grafikar, designar, performancekunstner, grafikar, collagist, assemblage artist, bygningstegner, smykkedesigner, biletkunstnar, kunstnar, scenograf
SjangerAssemblage
Medlem avAmerican Academy of Arts and Letters[*], Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences[*], Experiments in Art and Technology[*]
BornChristopher Rauschenberg
Robert Rauschenberg på Commons

Robert Rauschenberg (22. oktober 192512. mai 2008) var ein amerikansk kunstnar. Måleria og grafikken hans var forløparar for pop art-rørsla. Rauschenberg er velkjend for Combine (1954–1964), ei gruppe kunstverk som nytta daglegdagse gjenstandar som kunstmaterial og som viska ut skiljet mellom måleri og skulptur. Rauschenberg dreiv hovudsakleg med måleri og skulptur, men nytta også fotografi, trykk, papirtilverking og performance.[1][2][3]

Robert Rauschenberg, Riding Bikes, Berlin, 1998

Han vart omtalt som ein av dei viktigaste kunstnarane i USA i siste halvdel av 1900-talet.

Rauschenberg studerte ved kunstskolen Black Mountain College i USA,[4][5] under den tidlegare Bauhaus-profilen Josef Albers.[6] Ifølgje Rauschenberg sjølv blei han eit døme på det motsette av den strenge disiplinen Albers stod for.[7] Sjølv om han rekna Albers som den viktigaste lærarensin, hadde han meir til felles med John Cage, ein samtidskomponist som hadde gått vekk frå læresetningane til instruktøren sin Arnold Schoenberg og mot ei meir eksperimentell tilnærming til musikk. Cage gav støtte og oppmuntring til Rauschenberg i den tidlege delen av karrieren hans, og dei blei verande vennar og kunstnariske samarbeidspartnarar i fleire tiår framover.[6]

Rauschenberg sin kunst blei omtalt som «Neo-Dada» (nydadaisme) på 1950-talet, i likskap med den til Jasper Johns.[8]

  1. Marlena Donohue (28. november 1997). «Rauschenberg's Signature on the Century». Christian Science Monitor. Arkivert frå originalen 7. juli 2006.
  2. «The Century's 25 Most Influential Artists». ARTnews. Mai 1999. Arkivert frå originalen 24. januar 2022. Henta 20. januar 2007 via askART.com.
  3. «FAQs – Bob Rauschenberg Gallery» (på engelsk). Henta 10. april 2025.
  4. Kotz, Mary Lynn (2004). Rauschenberg: Art and Life. New York City: Harry N. Abrams, Inc. ISBN 978-0-8109-3752-9.
  5. Kotz, Mary Lynn (1990). «Rauschenberg: Art and Life». Publishers Weekly.
  6. 1 2 Collins, Bradford R. (2012). Pop art: the independent group to Neo pop, 1952–90. London: Phaidon. ISBN 978-0-7148-6243-9. OCLC 805600556.
  7. Tomkins, Calvin (2005). Off the wall: a portrait of Robert Rauschenberg (1st Picador utg.). New York: Picador. s. 192. ISBN 0-312-42585-6. OCLC 63193548.
  8. Roberta Smith (10. februar 1995). «Art in Review». New York Times. Arkivert frå originalen 11. juli 2010. Henta 20. mars 2009.