Robert Service
Robert Service | |
![]() | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 16. januar 1874 Preston |
Død |
11. september 1958 (84 år) |
Yrke | krigskorrespondent, lyrikar, skribent, romanforfattar, sjølvbiograf |
Robert Service på Commons |
Robert William Service (16. januar 1874–11. september 1958) var ein skotsk-canadisk poet og forfattar.
Service voks opp i Storbritannia og flytta til Canada som 21-åring der han fekk arbeida som banktensetemann. Den første diktsamlinga hans vart utgjeven i 1907. Forfattarskapen gjekk bra og etter to år kunne han seia opp bankstillinga si for å kunna reisa rundt om i Amerika og Europa. Under Balkankrigane og den fyrste verdskrigen arbeidde han som krigskorrespondent.
Inspirert av sina eigne eventyr skreiv Service deretter fleire romanar. Ingen av desse er omsette til norsk. Det er lite av hans verk som er kjent i Noreg; Fridtjof Nansen kalla han «Nordenlandenes diktar» og siterte han i enkelte av sine talar, bl. a. i Minnetalen over Roald Amundsen;
Nokre få andre av dikta hans er vorte tonesette, bl. a. «The Cremation of Sam McGee» med Johnny Cash.
- Har du følt den store, hvite stillhet.
- Våget det ukjente, trådt de utrådte veier.
- Merket kartets hvite flekker.
- Har du savnet. sultet seiret
- Vokset større i det heles storhet.
- Gjort ting blott for dådens spenning,
- og latt andre snakke om det.
- Har du sett Gud i hans storhet,
- hørt den tekst naturen preker.
- Sett de enkle ting, de sanne ting,
- de tause menn som gjør ting.
- Da lytt til viddene, de kaller på deg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Robert Service» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |